Skal berre ungdom i sentrale strøk få reelle val?
Plus
Eg bur i Austrheim og er mor til ein gut som har studiespesialisering ved Austrheim vidaregåande skule som eit av toppvala sine. Eg kjenner mange ungdommar som har søkt seg dit. Difor reagerer eg sterkt på at fylket foreslår å kutte tilbodet – og det etter at søknadsfristen er gått ut.
For desse ungdommane er ikkje dette teori. Dei har søkt, planlagt og sett føre seg kvardagen sin på Austrheim. Når fylket no vurderer å trekke tilbodet, skaper det uvisse for elevar som har gjort alt dei skal.
Grunnlaget for kuttet er svakt. Det ligg an til rundt 17 elevar. Likevel vil ein stoppe oppstart fordi nokre kanskje kan ombestemme seg. Skal vi verkeleg fjerne eit heilt tilbod basert på kva som kan skje?
Dette handlar ikkje berre om eitt kull, men om kva moglegheiter ungdom i distrikta skal ha. Skal dei ha reelle val, må det finnast tilbod lokalt. Eller er det berre dei som bur sentralt som skal få gå på nærskulen sin?
Austrheim vidaregåande skule har dessutan elevar frå Fedje og andre stader på den andre sida av Fensfjorden. For mange av desse er skulekvardagen allereie krevjande nok med reise. Å fjerne tilbodet gjer ikkje situasjonen betre – det gjer han verre.
I mange år har dette vore ei linje der alle elevar kjem inn – eit trygt val. Det har naturleg nok påverka vala elevane har gjort. Når fylket no snur etter søknadsfristen, er det elevane som tek støyten.
Det som gjer dette ekstra frustrerande, er at Austrheim gong på gong må leve med uvisse om tilbodet sitt. Kvar vår kjem den same diskusjonen: Kva skal kuttast denne gongen?
Fylkespolitikarane må stoppe dette no. Start klassen. Ikkje kutt på usikre prognosar. Ikkje la ungdom i distrikta sitje att med færre val – berre fordi dei er færre.
Alvorleg stemning på rektorkontoret: – Dette kan få store konsekvensar
På 30 år har hun aldri sett makan: – Her ute er gresset allerede grønnere