Kommuneøkonomi under press
Plus
LESARINNLEGG: I 2024 gjekk 6 av 10 kommunar med underskot. 27 kommunar er sett under statleg kontroll på den sokalla ROBEK-lista. Ifølgje analysar frå KS og KLP står fleire enn 100 kommunar i fare for å kome i same situasjon allereie i 2027. Ryggrada i velferdsstaten, som kommunesektoren trass alt er, slit med å overleva.
Det samla gjeldsnivået i Kommune-Noreg har passert 750 milliardar kroner, noko som overstig inntektene til alle kommunane i eit år. Etter 2023 har det vore fire store «drivarar» for ein dårleg kommuneøkonomi.
a) Svakare skatteinngang
b) Auka utgifter på t.d. pensjon, løn, straum og tenester,
c) Statlege reformer utan budsjettdekning
d) Sjølve inntektssystemet for kommunane.
For å ta nokre døme frå kvardagen i Vaksdal kommune: Statsbudsjettet legg opp til ein inntektsauke på om lag 3 % for vår kommune i 2026. Samstundes aukar utgiftene med om lag 4 % Det vil seie at vi må dekke inn 1 % av budsjettet sjølv – av eigne inntekter eller kutt på 1 %
Inntektssystemet er òg styrt knallhardt i høve folketal. For vår kommune betyr det at vi ser redusert folketal på botnlinja direkte. Men det er ikkje automatikk i at to elevar mindre i fjerdeklasse på Dale skule gjev kommunen den store innsparinga.
Vaksdal kommune vert òg i inntektssystemet straffa for ein desentralisert barnehage og skulestruktur. I Oslo vert til dømes vårt barnetal og utgifter til barnehage rekna ut frå tal som tilseier at det er nok med ein barnehage i kommunen. Det gjev oss i inntektssystemet finansiering til 30 tilsette, der 13 er pedagogar. Vaksdal kommune har 41,8 årsverk og 18,3 pedagogar. Differansen seier staten vi må dekke sjølv.
I andre enden skulle ein jo då tru at staten stilte opp for dei eldre. Det er ikkje tilfelle. Staten føreset at flest mogleg eldre skal bu heime. Statleg tilskot til sjukeheimsplassar føl ein minimumsstandard. At enkelt kommunar har store geografiske avstandar og fordyrande heimeteneste berre av den grunn, vert ikkje teke omsyn til.
Gjeldsbelastninga i kommunane er skyhøg – her tek vel staten ansvar tenkjer du. Men nei – den same staten, uansett kven som styrer – føreset at kommunane lånar pengar i privatmarknaden som alle andre med same rente som alle andre!
Pensjon likeins – etter høgresida si innføring av ein kvasimarknad på pensjon i 2002, har gjelda for pensjon i kommunane auka kvart år og er no er det sokalla premieavviket på 65 milliardar for Kommune-Noreg. (I Vaksdal har vi heldigvis sett av «premieavviket» i fond slik at pensjon ikkje skal føre til innsparing i tenestene), men likevel driv også vi ein slags kreditt på staten sine vegner.
Vaksdal kommune har ein økonomi som er monaleg betre enn gjennomsnittet, men vi vert straffa for å oppretthalde gode tenester der folk bur. Og er ikkje det det viktigaste? Sentralisering av tilbod handlar først og fremst om å be innbyggjarane ta kostnadene staten ikkje vil vedkjenne seg. SV sin påstand er at skal folk bu på Dale, Vaksdal, Stanghelle og Stamnes må det vere skular og barnehagar. Skal ein bu i Eksingedalen like så. Folks kvardag skal gå opp både økonomisk og i bruk av tid og kilometer i bil.
Kommunebudsjetta for 2026 og 2027 vil verta tøffe for kommunane, inkludert Vaksdal, om ikkje staten tek ansvar for kjerneoppgåvene den same staten har sagt kommunane skal løyse. Sagt med andre ord, ein fattig kommune gjer at velferdsstaten sviktar lokalt. Det handlar om tillit og det handlar om å ha dei same moglegheitene og rettane – om ein bur i Bærum eller på Dale.
Kjartan Haugsnes, gruppeleiar for SV i Vaksdal.