Her skal dei bygga datasenteret: – Ambisjonen er byggestart tidleg neste år
Plus
Stripo eigedom AS har selt tomt til datasenterselskapet Reikna AS.
Fredag førre veke kom nyheita om at Reikna AS har kjøpt seg ei tomt på Husnes. No er det òg klart at det er Stripo eigedom AS som har seld tomt til selskapet.
– Prosessen med salet har vore veldig ryddig og grei. Det har vore open og fin kommunikasjon med gjensidig forståing og respekt. Det er eit godt fundament for vidare samarbeid, seier Ellinor Rein i Stripo eigedom.
Tomta er kjøpt, det er ikkje ein opsjon og alt er signert.
– Og datasenter, det er noko dykk kan stilla dykk bak?
– Det er framtidas nye industri. Det er viktig å vera framoverlente, og ein del av kva som skjer.
Kvinnheringen møter Reikna og Ellinor Rein på tomta, som ligg rett ved sida av og bak TESS Kvinnherad. Her ønskjer dei å legga til rette for industriell symbiose i området, seier Thor Henrik Hagen.
– Vi har allereie fått fleire førespurnader lokalt for å kunna utnytta spesielt varmen.
Fått plass i straumkøen
Nyleg har fekk dei og vita at dei no er vurderte som modne av straumleverandøren Fagne.
– Det har vi fått vita om i dag, så no har vi ein plass i køen.
Det vil seie at dei no har fått seg ein plass i straumkøen, og er no i eit kappløp med andre datasenteraktørar.
Sjølv om ein seier at dei står i ein kø, er det ikkje berre eit spørsmål kven som har kome inn først. Spørsmålet er no kven som kan legga fram det mest modne prosjektet. Det er det prosjektet som til slutt vil få tildelt straumen dei treng til å drifta eit senter.
Om alt går etter planen, ser dei ein moglegheit til å starta med bygginga på nyåret.
– Ambisjonen er byggjestart tidleg neste år. På ein måte startar eigentleg bygginga allereie no, sidan Stripo eigedom skal starta med å planera tomta. Målet er å ha drift så raskt som mogleg etter det.
Arbeidet med å planera tomta vil dei starte med allereie neste veke.
Under ei veke til opning: – Eg synest vi ligg godt an, sjølv om det ikkje ser slik ut i lokala