Herold

Mari (24) kapra andreplassen: – Har vore førebudd på at det er dobbelt så langt

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sander Schadenberg Published: 2026-04-27 07:30:18
Mari (24) kapra andreplassen: – Har vore førebudd på at det er dobbelt så langt

Trass i mageproblem undervegs i løpet, sprang Mari Fosse Vaksdal inn som andre kvinne under Bergen City Marathon – og som nummer 14 totalt.

I fjor kapra Mari Fosse Vaksdal – som spring for Bjørgum IL – fyrsteplassen då ho sprang halvmaraton under same løp.

I år dobla ho lengda, og imponerte igjen.

– Eg sprang eit maraton i Oslo i fjor, men i Bergen er løypa tyngre med meir høgdemeter, fortel Vaksdal.

Helgas maraton vart prega av mykje motvind i starten, så ho fortel at ho prøvde å finna nokre ryggar å liggja bak.

– Det gjekk fint, men etter rundt fem-seks kilometer fekk eg plutseleg mageproblem, så det var irriterande. Eg prøvda halda farten til ho som tok fyrsteplassen, men eg klarte ikkje å pressa på.

Undervegs dukka det også opp ei pulje frå halvmaratonet – noko som førte til at ho måtte springa slalåm mellom folket.

– Eg hadde ein ide om at det kunne skje; men litt irriterande er det jo, held ho fram.

Godt førebudd

Men med utfordringane tekne i betraktning, seier Vaksdal seg godt nøgd med andreplassen.

– Korleis har det vore å gå frå halvmaraton til maraton?

– Det har funka fint eigentleg. Eg har jo vore førebudd på at det er dobbelt så langt – og har trent på lange turar, slik at kroppen skal vera klar for det.

– Kor mykje har du trent i forkant av dette?

– Eg har hatt opp mot 130 kilometer i veka – men ikkje kvarveke. 135 er vel det meste eg har hatt etter jola.

– Når byrjar ein å trena att etter eit slikt løp?

– Ein må bruka litt tid på å koma tilbake; ein har jo køyrd kroppen veldig ned. Å lytta til kroppen er det viktigaste, avsluttar ho.

Sara vart Noregsmeister: – Eit fyrverkeri av ei dame

🏷️ Extracted Entities (5)

Mari Fosse Vaksdal (person) Bergen City Marathon (organization) Bjørgum IL (organization) Noregsmeister (entity) Oslo (place)