Kven støttar bonden som tener 655.000 kroner?
Plus
Den påståtte årsverksinntekta på 655.000 kroner kastar ein forvirra skugge over årets jordbruksforhandlingar. Talet vert presentert som bonden si løn, men er ei reell PR-blemme og ikkje eit reelt forhandlingsgrunnlag, for alle som kjenner norsk jordbruk og utrekningsmåten.
For kven støttar bonden som tener 655.000 kroner? Truleg ingen. Men dette er ikkje bondens faktiske inntekt, men eit politisk styrt reknestykke for å hindra nødvendige endringar av norsk jordbrukspolitikk.
Desse overdrivne inntektstala er heilt sentrale i suksesshistoria om den norske landbruksmodellen, der politikarane som vil bruka mindre pengar og bondeleiarar som ikkje vil ha endringar, har felles interesse av oppblåste inntektstal til bøndene.
Ved å blanda inn driftskostnader og investeringsutgifter som personleg inntekt i talgrunnlaget, vert dei fatale økonomiske konsekvensane av dagens jordbrukspolitikk skjult.
Dryge 110.000 kroner av summen 655.000 kroner er lagt til i såkalla «normering» – ei straff for antatt ineffektivitet. I tillegg inngår fleire hundre tusen i manglande kapitalavkastning.
Det vert forventa at jordbruket stiller med kapital for å halda oppe gardsdrifta, investera i nytt utstyr og sikra framtidig produksjon utan at det vert gjeve normal avkastning. Ei avkastning til kapitalen som ikkje er noko anna enn nødvendig grunnlag for vidare drift.
Dersom ein tek omsyn til normering og manglande kapitalavkastning (utrekna med lågt estimat), som talgrunnlaget feilaktig reknar som inntekt, men reelt sett er kostnader for bonden, vert den reelle årsverksinntekta som er samanliknbar med ei vanleg løn, ned til 247.000 kroner. Gapet vert då 471.000 kroner, og ikkje 63.000 kroner.
Kvifor er desse tala så viktige å visa fram? Jau, i Noreg er den økonomiske kvardagen vorten tøffare. Me ser aukande fattigdom, kostnadsauke og reell naud. Mange jobbar i 100 prosent stilling og ligg godt under 650.000 kroner i årsløn, og i fleire yrke er lønningane ned mot 350.000 kroner.
Samstundes aukar kostnadene for mat, straum og bustad langt meir enn folk sine lønningar. Folk slit.
Midt oppi denne verkelegheita skal altså jordbruket synleggjera og be om støtte til si armod. Samtidig som dei presenterer eit inntekstal (655.000 kroner) som er langt høgare enn mange vanlege folk sine lønningar.
Når folk flest ser dette, blir bøndene sine krav urimelege. Særleg i ei tid der alle andre, med langt lågare inntekter, slit. Jordbruket sjølv er med på å skapa avstand og misnøye, i staden for å visa realitetane og invitera til solidaritet, engasjement og forståing.
Skal norsk jordbruk oppnå betre lønsemd og høgare sjølvforsyning, krev det ærlegheit om verkelegheita. Hadde jordbruket vore ærleg om at sjølvforsyninga er ned mot 30 prosent og at samanlikningsinntekta er på 247.000 kroner, så hadde dette resultert i dramatiske endringar.
Summen på 655.000 kroner er eit politisk reknestykke som får dramatikken til å forsvinna. Bondeleiarane og politikarane kan fortsetja å fortelja suksesshistoria om den norske landbruksmodellen som ikkje treng endringar.
Men den oppblåste bondeinntekta forvirrar folk, skadar tilliten og undergrev støtta frå dei som jordbruket treng aller mest. Eit jordbruk som nektar å snakka sant om eigen økonomi, vil aldri få solidaritet frå folket. Og utan den, vil bonden som «tener» 655.000 kroner, stå heilt åleine.
– Ein til to legg ned kvar dag – og så lurer dei på kvifor? Her er svaret
Alvorleg for matproduksjonen: – Voss har ikkje fleire bønder eller meir jordbruksareal å mista