Verdig alderdom i Voss Herad?
Plus
Sola skin og det er vår i lufta. Bløminga er på full anmarsj her ved fjorden i sør.
Men i år som i fjor vår er dei ei svart sky på veg over bygdefolket i Granvin.
Vil arbeidsplassen og jobben vår som me er så glade og stolte av bestå?
Me som arbeider i område sør brenner for jobben me gjer, og veit betydninga arbeidet vårt har for brukarar, pårørande og bygdefolket.
Ein PWC-rapport er presentert med sparetiltak til Voss herad, nedlegging av Granvin sjukeheim og institusjonskjøkkenet er eit av forslaga som er lagt fram. Det er foreslått stordrift i sentrum og utkøyring av middag frå kjøkken på Vetleflaten.
Rapporten handlar meir om kva retning eldreomsorga i Voss herad er på veg, enn om å spare nokon kroner og øre.
I rapporten er det forslag om å legge ned instistusjonskjøkkenet i Granvin og spare 2,2 millionar. Dette er lønna til dei ansatte på kjøkkenet.
Men kva med den samfunnsøkonomiske nytten kjøkkenet har i Granvin med å produsera fire måltid dagleg (frukost, lunsj, middag og kvelds) til institusjon og heimebuande?
Den samfunnsøkonomiske nytten av god ernæring hos eldre er betydeleg både i form av sparte kostnader og økt livskvalitet.
Når ernæringsstatus er god påverkar det fleire sentrale område:
1. Lågare helseutgifter
God ernæring og oppfølging gir lågare risiko for sjukdommar som underernæring, infeksjonar og komplikasjonar knytt til kroniske lidingar. Dette reduserer behovet for sjukehusinnleggingar, medisinar og langvarig behandling.
2. Førebygging av funksjonstap
God ernæring bidrar til å oppretthalde muskelmasse og styrke, noko som forebygger fall og behov for pleie- og omsorgstenester. Dette kan utsette eller redusera behovet for sjukeheimsplass.
3. Auka sjølvstendigheit og livskvalitet.
Eldre med god ernæringsstatus klarer seg lengre heime, er meir aktive og har bedre psykisk helse. Dette gir både individuell gevinst og redusere belastningen på offentlige tjenester.
4. Kortere rehabiliteringstid
Ved sjukdom eller skade er godt ernærte eldre fortare på beina. Det gir kortere liggedøgn på sjukehus og mindre behov for rehabiliteringstjenester.
5. Samfunnsøkonomisk gevinst
Summen av lågare behandlingskostnader, mindre behov for omsorgstjenester og økt livskvalitet gir ein klar samfunnsøkonomisk gevinst.
Kort sagt: God ernæring hos eldre og sjuke er ikkje berre eit helsetiltak, men ei investering som gir avkastning både for individet og samfunnet.
Å behalde det lokale institusjonskjøkkenet i Granvin er ikkje berre eit spørsmål om drift- det handlar om kvalitet i kvardagen, helse, verdigheit og lokalsamfunn.
Institusjonskjøkkenet i Granvin tilbyr bebuarar på sjukeheimen og heimebuande tilknytt heimesjukepleien fire måltid dagleg. Dette gir bebuarar og brukarar ein strukturert og føreseieleg kvardag.
For eldre, sjuke og andre med behov for omsorg er dette avgjerande. Jamne måltid gjennom dagen bidreg til stabilt blodsukker, betre næring og redusert risiko for underernæring, eit kjent problem i mange institusjonar.
Når maten i tillegg blir laga lokalt, aukar sjansen for at han er fersk, næringsrik og tilpassa individuelle behov og preferansar.
Mat er meir enn næring. Det er lukt, smak, minne og identitet. Eit lokalt kjøkken er nær brukarane og kan lettare ta omsyn til tradisjonar, kultur og ønskje. Dette gir rom for fleksibilitet. Lage spesialkost, justere menyar og reagere raskt om behovet endrar seg. Dette gir også mindre matsvinn med nær kontakt til brukarar. Ved sentraliserte løysingar er denne tilpassing vanskelegare.
Eit anna aspekt som er viktig er trivsel. Lukta av nybaka brød eller varm middag skapar liv og heimleg stemning i institusjonen. Måltida blir sosiale møtepunkt, ikkje berre ein nødvendig stopp i dagen. Dette kan ha stor betydning for både psykisk helse og livskvalitet.
Å beholde det lokale kjøkkenet handlar også om beredskap og trygghet. Ved kriser, stengte vegar eller leveranseproblem står ein sterkare rusta når ein har eigen matproduksjon. Samstundes bidreg lokale kjøkken til arbeidsplassar og kompetanse i nærmiljøet, noko som styrkar lokalsamfunnet.
Bak orda effektivisering og omstilling i helse og omsorgstenestene ligg det konkrete endringar som treffer både brukarar og tilsette hardt. Når tilbodet frå institusjonskjøkkenet forsvinn, blir ansvaret flytta over på ein allereie pressa heimetenesta. Heimesjukepleien står i ein travel kvardag prega av stramme tidsrammer og aukande oppgåvemengd.
Å lage mat er tidkrevjande. Det handlar ikkje berre om å smørje ei brødskive. Det handlar om planlegging, tilrettelegging, hygiene og ofte individuell tilpassing. Når dette kjem på toppen av medisinhandtering, stell og oppfølging, seier det seg sjølv at noko må vike. Resultatet kan bli at verken pleie eller ernæring får den kvalitet brukarene fortjener.
Ein må også stille spørsmål ved kompetanse og resursbruk. Er det rett å flytte oppgåver frå eit spesialisert kjøkken med fagkompetanse på ernæring, til helsepersonell som allereie er pressa på tid og ressursar? Og kva skjer med arbeidsmiljøet når stadig nye oppgåver blir lagde til utan tilsvarande auke i bemanning?
Det er forståeleg at kommunen må tenkje nytt for å møta framtidas behov. Men løysinga må vera heilskaplege og berekraftig, både for brukarar og tilsette. Å legge ned eit velfungerande instistusjonskjøkken utan å ha gode alternativ på plass, kan vise seg å vera ei kortsiktig innsparing med langsiktige konsekvensar.
Elles risikerer me at varme måltid blir kalde oppgåver, og at dei som treng det mest, sit igjen med det dårlegaste tilbodet.
Så kjære politikara og folkevalde skal me bygge vidare på det som me veit fungera eller skal me gå ei uviss framtid i møte.
Tøffe forslag: Her er tiltaka som viser korleis Voss herad kan spara 103 millionar
Så mykje betalte Voss herad for PwC-rapporten: – Forstår det er reaksjonar
Uttalelse om PwC-rapporten og fremtiden for omsorgen lokalt