– Stor takk til kommunen
Plus
Ullensvang kommune får skryt for godt utført arbeid i Røldal.
På tråden: Ein innringar på tråden har lyst å skryta av Ullensvang kommune.
– Dei skal ha stor takk for at dei har kosta så tidleg og så bra her i Røldal. Det er så fint her no at eg trur ikkje me har opplevd dette før. Når det i tillegg har vorte fint vårvêr så vert det ekstra synleg. Det har litt å bety når alle den grusen er borte, seier Ove Lynghamar.
Hardanger Folkeblad skreiv for nokre veker sidan at kommunen i vinter køyrde ut tonnevis med grus for å få bukt med is og snø i vinter. Likevel var fleire innbyggarar utolmodige og vill ha grusen fjerne raskt.
Kommunen svarte då at dei måtte jobba seg gjennom mange område og at nokon plassar vart prioriterte. Røldal har dermed truleg vore ein av dei plassane som i år fekk tidleg kosting
Lynghamar legg til at han truleg har heile bygda med seg når han no gir ros til kommunen.
– Det betyr at alt er klart til maidagane og nasjonaldagen i Røldal allereie?
– Ja, det gjer faktisk det. Vanlegvis pleier det ikkje skje før like oppunder 17. mai. I år var dei tidleg ute, seier han.