Herold

Fv. 57 – raskaste veg til målet

Plus
Kilde: Firda Author: Sveinung Furnes, Bygstad Published: 2026-04-27 07:39:04
Fv. 57 – raskaste veg til målet

Kommunedelplan for Fv. 57, Båtevika – Storehaug, har nettopp vore ute til høyring. I KDP skriv Vestland Fylkeskommune (VLFK) at alle dei tre traséalternativa er teknisk gjennomførbare, er rimeleg like for både prissette og ikkje prissette konsekvensar, og at alle alternativa løyser hovudmålet med prosjektet.

Trasealternativa gir alle saman ny veg som mest mogleg følger vegnormalane til Statens vegvesen. VLFK tilrår B9-H-alternativet med tunnel via Osen som har det største potensialet for etappevis utbygging. Alternativet blir sett på som mest realistisk og gir minst risiko for at ein investerer i etappar som ikkje er samfunnsnyttige på sikt.

Kostnad mellom Båtevika og Perhaugen for dei ulike alternativa ligg per no på rundt 1500 MNOK, ferdig utbygde. Kostnadsestimata er grove, og det er i praksis umogleg å skilje dei ulike alternativa på pris på dette tidlege planleggingsstadiet.

Basert på dei ulike høyringsinnspela så er det mange i Bygstad som ønsker A2-alternativet, altså bru over Svesundet og heilt ny fylkesveg i ny trase opp til Perhaugen på sørsida av dalføret. Dette opplevast som eit meir skånsamt alternativ samanlikna med A1 som meir vil følge dagens trase mot Perhaugen.

Både A1 og A2 er gode alternativ, ingen tvil om det. Dei gir kortast mogleg pendlarveg mellom Dale og Førde og vil gi ein god veg gjennom Bygstad. Men B9 er også eit godt alternativ som gir mykje av det same som A-alternativa. I tillegg vil det verne kulturmiljøet og hus i Svesundet, og dessutan at vi unngår ny gjennomfartsveg tvers gjennom heile bygda. Den ekstra reisetida med B9 er på under 1,5 minutt mellom Dale/ Førde samanlikna med A1/A2.

Gjennomgang av dei ulike hovudalternativa sine moglegheiter for etappevis utbygging, og dessutan prisestimat for dei ulike delstrekka, har blitt oppsummert i Norconsult sitt notat «Potensiale for meir veg for pengane». Vedlagt bilde er ein samanstilling av dette notatet (kap. 3.1 – Etappevis utbygging) og dessutan frå «Kommunedelplan Fv. 57 Båtevika – Storehaug, Planskildring», side 3. Mitt forslag til prioritering mellom dei ulike delstrekka innafor B9 er også markert inn.

Slik eg ser det er delstrekka B9-4 og B9-5 dei to aller viktigaste å fullføre, og som gir mest mogleg lokal- og regional nytte for pengane. Omtrentleg pris for desse to er rundt 500 MNOK, forutsett då at ny bru i Osen blir tatt ut av dette delstrekket. Ved å byggje desse to først vil både Saltkjelen (Fv. 57) og Åmotsvegen (Fv. 5676) bli løyst ut, og ein får mest mogleg lokal og regional trafikk inn på den nye vegen. Dei to eksisterande vegane er begge rasutsette, og den nye vegen bør strengt tatt sjåast på som eit rassikringstiltak og av denne grunn få prioritet for finansiering av fylkeskommunen.

Etter at desse to delstrekka er fullført vil 13 km gamal og delvis rasfarleg fylkesveg kunne bytast ut med litt over 3 km ny og trygg fylkesveg, til stor glede for alle brukarane av vegen inkludert skuleborn i bygda. Pendlartrafikken mellom Dale og Førde vil fort spare mellom 3–5 minutt etter at dette tiltaket er utført samanlikna med dagens situasjon. Frykta for at vegen til slutt vil ende opp med å gå mot Sande ser eg av denne grunn ikkje på som realistisk.

Deretter bør B9-6 prioriterast, anten via eksisterande veg på Hjelmeland eller med ny veg sør for Styggemyra. B9-2 bør naturleg komme som neste delstrekke, grunna mogleg fare for utgliding på eksisterande veg. Tunnel i Båtevika (B9-1) vil vere kostnadskrevjande og nødvendig på sikt, men kan fint bli prioritert ned.

Om denne må vente 20 år bør dette gå heilt fint. Til slutt så kan ein spørje seg om ny veg på strekket B9-3 er nødvendig når dagens veg er relativt god. Tiltaket har ein uforholdsmessig høg pris for å klare å følge vegnormalane til SVV og sparer pendlaren/ tungtrafikken for kanskje berre 20 sekund.

Landskapet vil bli påverka og hus må rivast i Osen. Noko breiddeutviding av eksisterande veg ved Osen bru bør vere tilstrekkeleg, og til ein brøkdel av prisen for ny veg. Redusert fartsgrense rundt Osen bru vil også hjelpe på trafikksikkerheiten. Ei løysing med rundkøyring på nordsida av brua i Osen før tunnel vil vere mogleg å få til med avstand rundt 100 meter frå tunnelopninga, noko som vil krevje avvik frå vegnormalane. Eg ser ingen grunn til at dette ikkje skal vere mogleg når ein kan få fråvik for rundkøyring i tunnel på A1/A2.

Slik eg ser det bør ikkje folk i Bygstad frykte at Sunnfjord kommunestyre vel B9 som ny trase for Fv. 57 gjennom bygda. Dette er trass alt det alternativet som kan få oss raskast mogleg til målet – god ny veg for heile bygda, og dessutan at Saltkjelen blir løyst ut. Dette til ein pris på omtrent 500 MNOK i første omgang. Til samanlikning vil både A1 og A2 alternativa medføre at Svesundbrua må bli tatt som siste delprosjekt. Dette betyr at fylkeskommunen må finansiere omtrent 3 gonger så mykje, 1500 MNOK, før Saltkjelen endeleg blir løyst ut. Dette er ein signifikant forskjell som betyr noko.

Finansiering kan bli lettare å få til, og dermed får vi løyst dei største utfordringane på eit tidlegare tidspunkt. Kva forskjellen betyr i praksis er umogleg å vite, men eg trur at ved å velje B9 så er det ikkje utenkeleg at vi blir kvitt Saltkjelen/Åmotsvegen som pendlarveg minst 10–20 år tidlegare enn om vi går for A1 eller A2. B9 medfører kanskje 1,5 minutt lengre køyretid, men vil likevel gi raskaste veg til målet.

Reagerer på vegutspel frå Nistad: – Feil

Vegval Fv. 57 Båtevika – Storehaug

Meiningslaust å bygge sambindingsveg utan gang- og sykkelveg

🏷️ Extracted Entities (27)

A2 (entity) Dale/ Førde (organization) Osen (entity) B9 (entity) Båtevika B9-1 (organization) MNOK (entity) Bygstad (place) Perhaugen (entity) Saltkjelen/Åmotsvegen (entity) Åmotsvegen Fv (person) Svesundet (entity) B9-3 (entity) B9-4 (entity) B9-5 (entity) B9-6 (entity) B9-H (entity) Hjelmeland (place) Nistad (place) Norconsult (entity) SVV (entity) Saltkjelen Fv (person) Sande (entity) Statens (entity) Styggemyra (entity) Sunnfjord (place) Svesundbrua (entity) Vestland Fylkeskommune VLFK (organization)