Ikkje kutt bort meistringa til dei mest sårbare
Plus
Kultur og terapi er ikkje eit lovfesta tilbod. Men retten til deltaking, inkludering og ein likeverdig kvardag er forankra i menneskerettane og CRPD. Når kommunen no vurderer å kutte i eit av dei viktigaste tilboda for barn med funksjonshindringar handlar det ikkje berre om økonomi, men om menneskeverd og kva samfunn vi ønskjer å vere.Eg skulle ønske du som sit med forslagsrett i kommunen tar deg tida ein gong til å setje foten inn i ein musikkterapitime – og hadde vilje til å forstå. Då trur eg ikkje desse innsparingsalternativa hadde ligge på bordet. Eg skulle ønske du som skulle vedta desse kuttframlegga hadde fått sitte ein heil time på sidelinja og observere kva det gir dei som treng denne terapien. Og eg skulle ønske alle de over hadde lagt vilja i å lære desse barna og ungdommen å kjenne og kunne sjå langtidsverknadene for dei om dette vert tatt bort.Gjennom FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) har Noreg forplikta seg til å sikre at barn med funksjonsvariasjonar får delta i kulturliv og fritidsaktivitetar på lik line med andre. Desse lovkrava er ikkje valfrie å følge, lar du vere er det stor sjanse for at du bryt menneskerettslova og FN-konvensjonen.
Du kan jo berre tenke deg om du vart fråteke menneskerettane dine. Det er i praksis det som skjer kvar gong løvebarna misser eit tilbod eller teneste. I tillegg slår både opplæringslova og likestillings- og diskrimineringslova fast at barn har rett til tilrettelegging og tilbod som gjer reell deltaking mogleg – ikkje berre i teori, men i praksis.Dette kan vi faktisk ikkje tillate oss å gjennomføre.Magnar Skorven er løvepappa og han ser med uro på at kommunen no vurderer å legge ned ei særs viktig tilbod for hans barn. I sitt gode innlegg skriv Magnar, også vara i FAU hos kulturskulen, bekymring for kutta Sunnfjord kommune no har planar om å gjere innan kultur og idrett. Og eg støttar opp om denne bekymringa med god grunn. Eg er løvemamma til tre og sit som nestleiar i Løvemammaene Vest.
Medlemmane mine og andre foreldre som har barn med ein funksjonsvariasjon eller sjukdom er godt vande med å godta det meste, eg og Magnar er ein del av dei. I mange tilfelle må vi innfinne oss med alt for mykje. Av erfaring veit vi at ved innsparingar og kutt så står våre «millionbarn» først i rekka, barna våre kostar for kommunen ein million i løpet av eit år i motsetnad til funksjonsfriske med berre litt over 200 000kr.
Sunnfjord kommune vurderer no å kutte eit årsverk i kulturskulen. I praksis betyr det å seie opp den sist tilsette – musikkterapeuten. Det er eit val som fort kan få større konsekvensar enn det ser ut som på papiret.Det er noko kritikkverdig over det heile: I dei førre kartleggings- og kuttsakene Sunnfjord kommune har hatt så har barn og unge vore dei som har måtte li mest. Det er vel gjerne i all hovudsak dei det har gått utover. Men det er vel kanskje ikkje anna å forvente når både skule og barnehagesaka vurderte barnets beste med KI. Etter desse sakene vart det sagt og lova at dei neste innsparingane ikkje skulle gå ut over barn og unge. Men kva skjer?Jo, det stikk motsette. Sjølvsagt går det også utover vaksne, tilsette og eldre også. Men no skulle barna sparast og snakk om å bli skuffa for det vert dei ikkje. For kva gruppe barn er det som ligg ladeleg til for ofring når «attpåklattkuttet», som verkar nødvendig men så enkelt å gjennomføre? Forslaget der dei positive økonomiske konsekvensane vert løfta opp mens dei store konsekvensane for barna vert dyssa ned. Igjen.
Dette handlar om meir enn ein budsjettpost. Det gjeld kvardagen til dei barna som har eit reelt behov. Dette er barn som ofte har få andre arenaer der dei kan delta, uttrykke seg og kjenne meistring i lag med andre. Kva kan skje om ein vel å behalde årsverket musikkterapien utgjer? Ein kan faktisk risikere at løveborna får ha det godt, meistre og vere inkludert. Ein nyare studie viser at musikk kan redusere emosjonelle vanskar. Å fjerne musikkterapien, som kostar lite men betyr så mykje, framstår difor som eit dårleg både økonomisk og menneskeleg val. Dette handlar ikkje berre om årsverk. Det handlar om kva slags kommune vi vil vere. Ein kommune der inkludering er eit mål på papiret – eller ein kommune som faktisk legg til rette for at alle barn kan delta, oppleve meistring og høyre til.Kjære de som skal vedta framtida til løvebarna våre: her må de lytte. Skal det sparast så må dei mest sårbare barna sikrast. No må de vere med å sørge for at viktige fagkompetanse får bestå og at borna våre ikkje misser tilbodet sitt.