50 prosent sjølvforsyning krev meir
Plus
Stortinget har vedteke eit mål om 50 % sjølvforsyning av mat innan 2030. Jordbruksforhandlingane startar snart og i tillegg til kostnadsdekning og kronemessig lik utvikling som samanlikningsgruppa av lærarar og sjukepleiarar, må det gjevast eit vesentleg topptillegg før normering på 20 % slik at ein etter normering tener meir enn samanlikningsgruppa.
Dette er heilt naudsynt for å nå målet om 50 % sjølvforsyning av matvarer.
Når det gjeld detaljane er fjerning av botnfrådraget ei lågt hengande frukt. Den vil gje alle med rett på produksjonstilskot eit tillegg på 6. 000 kr. Vidare må det for små og mellomstore sau- og ammekubruk som tener aller minst pr. årsverk, innførast småbrukstilskot. I tillegg må småbrukstilskotet til kumjølkbruk aukast.
Elles må beitetilskot og areal- og kulturlandskaptilskot aukast monaleg. Samordningsregelen for avløysartilskot ved arbeid utanfor bruket må fjernast og satsane for ferie og fritid, sjukdom og svangerskap må aukast. Berre med ein jordbrukspolitikk som skissert her kan ein nå målet om 50 % sjølvforsyning.