Herold

Ny E39 i Sunnfjord

Plus
Kilde: Firda Author: Rolf Mo, Engasjert lesar av Firda, Trondheim og Sunnfjord Published: 2026-04-27 07:52:13
Ny E39 i Sunnfjord

E39; Ein tunnel i det blÄ.

Kjartan Myklebust viser klĂžkt og mot i sine innlegg om ny veg i FĂžrde.

Ein gong vart det tatt eit val av lÞysing for Ä fÄ bort trafikken frÄ Halbrendslia. Fleire alternativ lÄg pÄ bordet.

LÞysinga fall pÄ langtunnel frÄ Myra til Brulandsberget. No sÄg vi alle fram til Ä fÄ «the final solution» og fÄ slutt pÄ ulempene med biltrafikk i akebakken, Halbrendslia. (Det var beste akebakken for oss pÄ 50 og 60-talet.)

No har vi (trafikantar og brukarane av vegnettet i Sunnfjord) venta lenge. Eg var sjÞlv i arbeid i FÞrde kommune pÄ 60/70-talet. DÄ trakka vi langs lia i Hafstadfjellet for Ä finne beste lina for ny riksveg. Vi fann den! Bl.a. slik Kjartan Myklebust har lagt fram forslag om i Firda fleire gonger.

Reint vegteknisk og kostnadsmessig syns eg Myklebust sitt framlegg er langt betre enn den lange tunnelen. Eller tek vi feil?

Eg vil gjerne at dei som sit pÄ svara, og som har hand om prosessen med ny E39, kan svare pÄ dette og pÄ spÞrsmÄla nedanfor. Det vil vere oppklarande for mange av oss som lurer, og kan samstundes gje oss noko betre tillit til dei styrande.

  • Kvifor fall valet pĂ„ den lange tunnellĂžysinga?
  • Kva var dei avgjerande argumenta?
  • Kven fatta vedtaket?
  • Kvar stĂ„r saka i dag?
  • NĂ„r er veglĂžysinga pĂ„ plass?
  • Kva vil det koste for bygginga og Ă„rleg drift?
  • Kva blir bompengesatsen og kor mange Ă„r vil den vare?
  • Kven har/tek ansvaret for Ă„ fĂ„ pĂ„ plass ei lĂžysing?

Eg hÄpar svara blir konkrete og ikkje retorisk unnviking med atterhald om «ikkje mitt bord» eller «det har vi svart pÄ fÞr». Firda vil nok sette av nok plass for utfyllande svar.

Om den lange tunnelen blir eit faktum, vil vi likevel ha all trafikken som MÅ gĂ„ i Halbrendslia. Det er 50-tals tunge kĂžyretĂžy kvar dag til/frĂ„ Reset som skal opp og ned gjennom svingane, gjennom bustadfelt og bygater. Dette blir blanda med personbiltrafikk, syklistar og andre mjuke trafikantar.

Det er den situasjonen vi vil bort frÄ. Og det hastar!

Det er ingen skam Ă„ snu. Det er Ă„ ta ansvar!

Kan bli aktuelt Ă„ korte ned tunnelen

E39 via Reset

BOM – for den lange Hafstadfjelltunnelen

đŸ·ïž Extracted Entities (12)

Sunnfjord (place) Halbrendslia (entity) Kjartan Myklebust (person) Reset (entity) Brulandsberget (entity) E39 (entity) Ein (entity) Fþrde (entity) Hafstadfjellet (entity) Hafstadfjelltunnelen (entity) Myra (entity) MÅ (entity)