Herold

Ingen har hatt vervet lenger. Tek også to nye år

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-04-27 08:01:55
Ingen har hatt vervet lenger. Tek også to nye år

Peder Lofnes Hauge er attvald som leiar i Noregs Mållag, og vert med det den lengstsitjande leiaren i laget.

– No siktar vi mot ny medlemsrekord i Mållaget og at Stortinget skal grunnlovfeste nynorsken. Så vil vi få med oss styresmaktene på målet om ein million nynorskbrukarar!

Det seier Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding etter at han i helga vart attvald som leiar i Noregs Mållag.

Glopparen har teke på seg to nye år som leiar. Lofsnes Hauge har elles hatt leiarvervet i seks år, og er med det den lengstsitjande leiaren i Mållaget.

I tillegg til nytt leiarval, vart det også vedteke eit nytt arbeidsprogram kalla «Vegen mot Noreg 2050».

I lys av dette ønskjer den nyvalde leiaren seg eit samfunn der det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

Slik er det nyvalde styret:

  • Leiar: Peder Lofnes Hauge (Bergen/Gloppen).
  • Nestleiar: Live Havro Bjørnstad (Bergen).

Styremedlemer:

🏷️ Extracted Entities (7)

Peder Lofnes Hauge Bergen/Gloppen (organization) Mållaget (entity) Noregs Mållag (person) Hauge (entity) Havro Bjørnstad Bergen (person) Stortinget (entity) Vegen mot Noreg 2050 (entity)