Dette er definisjonen på systemsvikt, Ap
Plus
Det er heilt på sin plass å streika for at arbeidsgjevar skal forskottera sjukepengar. At behovet er der, er likevel ekstremt flaut for Ap-regjeringa.
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407
Av og tiler arbeidslivet grundig urettferdig, sjølv i eit land der velferdsstaten er raus, og arbeidslivet stort sett er ganske organisert.
I det norske arbeidslivet sit veldig mange av oss på den grøne greina.
No streikar tilsette i serverings- og overnattingsbransjen for noko dei aller fleste i norsk arbeidsliv tar for gitt, og ikkje merkar noko til.
75 prosent av norske arbeidstakarar merkar nemleg ingenting om dei er sjukmelde i meir enn 16 arbeidsdagar.
Den same summen kjem nemleg inn på brukskontoen som vanleg, utan at ein treng å tenka på om det er arbeidsgjevar eller staten, gjennom Nav, som betalar ut sjukepengane.
I dei mest uorganiserte krikane og krokane av norsk arbeidsliv er det annleis.
Kvar fjerde arbeidstakar har nemleg ikkje dette privilegiet.
I praksis betyr dette at ein del må venta, av og til i veker og månadar, før dei får sjukepengane sine på konto.
Akkurat her kan me konkludera ganske enkelt: Slik burde det slettes ikkje vera i det norske arbeidslivet i 2026.
Grunnen til at det faktisk er slik, er derimot ganske samansett. Me må ta ein runde på korleis ordninga med sjukepengar fungerer, for å forklara kvifor det er slik.
I dei aller fleste tilfelle, nærmare bestemt i om lag åtte av ti tilfelle, er nemleg sjukepengar ei ganske smal sak.
Om arbeidstakar og arbeidsgjevar gjer det dei skal, vert nemleg dei aller, aller fleste søknadar om sjukepengar behandla på ein blunk.
Over 2 millionar søknadar glir nemleg årleg gjennom Nav sitt meir eller mindre automatiske saksbehandlingsskjema utan at nokon merkar noko til det.
I desse tilfella er pengane på konto i løpet av nokre dagar. Konsekvensane av om du har ein arbeidsgjevar som forskotterer sjukepengar, eller ikkje, er relativt små.
Historia er derimot ei heilt anna i dei tilfella der kartet (systema til Nav) og terrenget (informasjonen frå arbeidsgjevar og arbeidstakar) ikkje passar heilt saman.
Absurd situasjon: Flere øker inntekten (!) ved å streike
I dei tilfella der ein saksbehandlar, altså eit vanleg menneske, må sjå på søknaden, er den forventa behandlingstida plutseleg fem veker. Om du og arbeidsgjevaren din er ueinige om du har rett på sjukepengar snakkar me 4 månadar.
Grunnane til at dette skjer kan vera ulike.
Vanlege grunnar er at arbeidstakar oppgir feil eller upresise opplysningar, at arbeidsgjevar somlar med å senda inntektsmelding til Nav, eller at systema til Nav er for firkanta til at søknaden kan gå gjennom den straumlinjeforma trakta i det automatiske saksbehandlingssystemet.
Jo meir «rotete» arbeidskvardag ein arbeidstakar har, jo større sjanse er det for at tida går.
Dersom ein treng fleire jobbar frå ulike arbeidsgjevarar for å få ei inntekt å leva av, gjerne jobbar mykje i enkelte periodar og lite i andre periodar, eller nyleg har vore ute av arbeidslivet, er sjansen større for at det tar lang tid å få behandla søknaden.
Konsekvensen er blodig urettferdig. Dei som frå før har den vanskelegaste økonomiske situasjonen, og i realiteten vert mest skadelidande om sjukepengane ikkje kjem på kontoen, er gjerne dei som må venta lengst på å få sjukepengane sine.
I fjor kom Sivilombodet med flengande kritikk av det digitale saksbehandlingssystemet til Nav. I tillegg til manglande grunngjeving ved avslag og at Nav krev inntektsmelding frå arbeidsgjevar i staden for å henta informasjon som allereie er rapportert inn til staten, meinte ombodet at praksisen med å avvisa søknadar grunna formfeil eller manglande opplysningar, var i strid med god forvaltingsskikk.
Det er altså ingen tvil om at ein del av ansvaret for at folk må venta lenge på sjukepengar kvilar på Nav.
Ein stor delav ansvaret kvilar òg på arbeidsgjevarane. Ei kartlegging gjennomført av Fagbladet viser nemleg at somling frå arbeidsgjevar er ein vesentleg grunn til at mange må venta på sjukepengane sine.
I mars mottok Nav om lag 45 000 inntektsmeldingar frå arbeidsgjevarar. I kvart tredje tilfelle brukte arbeidsgjevarane meir enn ei veke på å senda informasjonen til Nav. I 3 prosent av tilfella hadde det tatt mellom ein og tre månadar før arbeidsgjevarane hadde sendt inn den kritiske informasjonen.
For nesten 250 av søknadane hadde det gått meir enn tre månadar før Nav fekk informasjonen dei trong for å få behandla søknadane.
For arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap), som er ansvarleg for den norske sjukelønnsordninga, burde dette vera ekstremt pinleg.
Relativt mange norske arbeidstakarar må altså venta i veke ut og veke inn på sjukepengar som staten pliktar å betala ut etter at dei har vore sjuke i 16 dagar.
At norske arbeidstakarar i 2026 må streika for å få sjukepengane sine i tide, er rett og slett ille. Særleg ille når det er Arbeidarpartiet som sit med makta. Nei, det hjelper ikkje at forgjengarane ikkje har tatt problemet på alvor.
Regjeringa har ikkje berre ansvar for at Nav gjer sin del av jobben, men òg at arbeidsgjevarar får lov til å trenera prosessen.
Det er òg regjeringa sitt ansvar at Nav, i strid med eit stortingsvedtak frå 2019, krev manuell rapportering frå arbeidsgjevarar, i staden for å henta informasjon som allereie er rapportert inn til skatteetaten.
La det ikkje vera nokon tvil: Det er på høg tid at norske arbeidsfolk skal sleppa å venta på sjukepengane sine.
Derfor bør arbeidsgjevarsida snarast gå med på kravet om at sjukepengane skal forskotterast, og dermed plassera ansvaret der det høyrer heime: Hjå regjeringa.
Det er nemleg heilt urimeleg at norske småbedrifter innan servering og overnatting skal fungera som ein bank for verdas rikaste stat.
Ja, det er nesten like uhaldbart som at sjuke arbeidstakarar skal legga ut for den same staten.
At Nav kanoperera med ei forventa saksbehandlingstid på fem veker for sjukepengar som staten skal betala ut etter 16 dagar, er nemleg definisjonen på systemsvikt.
Ja, Arbeidarpartiet. Dette må de rydda opp i brennkvikt.
Stor støtte til de streikende: – Nå er vi lei!
Tom-Rudi har 400.000 i lønn: – Det blir mer og mer magert for hvert år
Streiken: Sultne McDonald's-gjester rømmer til konkurrent