– Ingen i rådhuset som har ei dårleg kjensle i magen?
Plus
Ingen vil finne på å varsle om uforsvarleg arbeidsmiljø etter å ha lese historia om Monika, skriv Firda-redaktør Kai Aage Pedersen.
Nokon som er freista til å varsle om det dei meiner er eit uforsvarleg arbeidsmiljø i Sunnfjord kommune etter å ha lese historia om Monika i Firda?
Berre gløym det. Legg vekk saka og finn deg anna arbeid. Du risikerer tre år med ansvarsfråskriving og bagatellisering. Den endelege og negative konklusjonen får du først når lokalavisa tek opp saka. Det er bortimot null sjølvkritikk å spore frå det som skal vere ein profesjonell skattefinansiert arbeidsgjevar.
Alle einingar og medarbeidarar må bidra aktivt for å levere gode tenester innanfor dei økonomiske rammene vi har, var bodskapen til kommunedirektør Terje Heggheim då han snakka om dei krevjande økonomiske tidene i formannskapet sist veke. Den skrinne økonomien hindra ikkje kommunedirektøren nokre veker tidlegare i å fiske opp 123.000 kroner frå baklomma for å kjøpe kommunen ut av varslingssaka til Monika Midttun Jensberg.
Varsla om kollega. Tre år seinare kjøpte kommunen seg ut av saka
Ho har lagt saka bak seg og slutta i Sunnfjord barnevern, men ville altså ha ein konklusjon frå kommunen si side.
Og konklusjon fekk ho, etter at Firda sette i gang arbeid med saka. Etter tre år med trenering fekk den kommunale kverna fart på seg.
Ein advokat vart hyra inn og nokre veker seinare fekk dei ei juridisk utgreiing som frifann kommunen på alle punkt. Ei beklaging av at dette hadde gått for lang tid var det einaste kommunen var villige til å innrømme. Utgreiinga konkluderte mellom anna med at Monika ikkje var «tydeleg nok» i si avvising mot den nærgåande kollegaen, og at kommunen difor ikkje hadde brote regelverket.
Slik har det vorte. David mot Goliat, eller medarbeidar mot kommuneleiinga som rår over milliardbudsjett.
Alle ser at kommunen skulle ha gripe inn for lenge sidan. Ho var ung, ny i jobben, og hadde ein kollega som stod fram som ein «mentor». Jensberg følte seg utrygg, utan vern, og opplevde å ikkje bli teken på alvor då ho varsla.
*No har Monika fått ein konklusjon *på saka. Ingen treng å vere i tvil om at ho har hatt ein svært krevjande jobbsituasjon som tilsett i Sunnfjord kommune. Men noko form for oppreising frå kommunen si side får ho altså ikkje.
Ho har ikkje opplevd seksuell trakassering og skulle vore tydelegare på at merksemda ho fekk frå kollegaen var uønskt, er konklusjonen.
Monika-saka sender svært dårlege signal til alle andre som jobbar i, eller som lurer på om dei skal søke jobb i Sunnfjord kommune. Få, om nokon, vil finne på å varsle om uforsvarleg arbeidsmiljø etter å lese denne historia.
Dette er for dårleg frå det som må vere ein profesjonell skattefinansiert arbeidsgjevar. Alle arbeidsgjevarar skal legge til rette for eit forsvarleg arbeidsmiljø, og det må vere lov å vente meir av ein kommune som er den sjette største i Vestland.
Det er difor all grunn til ein skikkeleg gjennomgang av korleis kommunen handterer denne type saker. Ei samråding med varslingsekspert Birthe Eriksen kan vere ein god stad å starte. Ho har sett seg inn i den aktuelle saka og er svært kritisk til det Sunnfjord kommune har prestert. Ho er også kritisk til at kommunen skubbar tausheitsplikta framfor seg for å sleppe på forklare handlemåten sin i denne saka.
Kommuneleiinga kan sjølvsagt snakke om dei prinsipielle sidene rundt ei varslingssak slik dei gjer alle andre stader i verda. Personvern og sjølvpålagt tausheitsplikt kan ikkje vere eit skjold for å unngå ansvar.
Men det blir neppe noko form for sjølvkritikk i denne saka heller. Saka er lukka, Monika har slutta i kommunen, og skattebetalarane har fått ei ekstrarekning på 123.000 kroner.
Andre som har økonomi og helse nok til å prøve seg?
PS! Kommuneadministrasjonen bør ta seg nokre minutt og lese sitt eige verdidokument.
*Eit lite utdrag her: *
Ein inkluderande kommune er ein raus og open kommune med tilsette som møter alle med respekt. Kommunen ser alle, og søker å møte alle sine behov på ein open og imøtekommande måte. Kommunen er samlande for alle som arbeider der.