Herold

Stoppar ferja, stoppar Møre og Romsdal

Plus
Kilde: TK Author: Line Hoem, Geir Ove Leite, Hanne Notøy, gruppestyre Møre og Romsdal fylkestingsgruppa Published: 2026-04-27 04:45:30
Stoppar ferja, stoppar Møre og Romsdal

Ferjene er livsnerva i mange lokalsamfunn i Møre og Romsdal. På mange måtar kan dei samanliknast med T-banen i Oslo. Dei er heilt avgjerande for eit konkurransedyktig næringsliv og for at folk skal kunne bu i heile fylket.

Underfinansiering

Ei av utfordingane er at dei sentrale styresmakter og politikarar i Oslo ikkje alltid har forstått at ferjer er like viktige som tog og t-bane. Underfinansieringa av ferjedrifta har vore ein verkebyll for fylkestinget. I 2023 utgjorde denne underfinansieringa 260 millionar kroner, men no er ho redusert til 70 millionar kroner, ei forbetring på 190 millionar.

Hovudårsaka til denne reduksjonen er auka overføringar frå regjeringa og Stortinget. Møre og Romsdal Arbeiderparti har hatt ei rekkje møte og besøk i Oslo for å forklare alvoret, og endeleg ser det ut til at styresmaktene har forstått kor livsnødvendige ferjene er for fylket. Resultatet er at vi får meir til ferjer

I tillegg har vi blant anna fått ei meir fleksibel løysing på gratisferjene og vi kan innføre sommartakst. Denne sommartaksten skal ikkje gå utover pendlarar, fastbuande eller næringslivet, som er daglege brukarar av ferjene.

Livsnerven

Arbeiderpartiet meiner det er eit viktig prinsipp at dei som reiser ein tur i året til Ona eller Smøla har råd til å betale, medan dei som er avhengige av ferja i kvardagen, skal sleppe store auka utgifter. Dei vil få ei oppteningsperiode slik at dei framleis får nytte den gode ordninga.

Redusert underfinansiering og auka inntekter har gitt fylkeskommunen betre handlingsrom. Dette er og ei viktig årsak til at fylkeskommunen hadde eit stort overskot i 2025. Det gir oss ein buffer for framtida der vi skal fornye mange av dei gamle ferjene frå 1970-talet, og kanskje også få moglegheit til å auke ferjefrekvensen.

Arbeiderpartiet i Møre og Romsdal vil arbeide målretta for å redusere underfinansieringa ytterlegare. Samstundes skal våre representantar i Oslo halde fram med å løfte bodskapen: Ferjene er livsnerva i Møre og Romsdal. Stoppar ferja, stoppar Møre og Romsdal.

Uansvarlig synsing om ferger

Aukra trenger fastlandsforbindelse – nå må både FrP og Ap svare

Nytt «ferjekaos» for regjeringen?

🏷️ Extracted Entities (8)

Møre (entity) Romsdal Arbeiderparti (person) Oslo (place) Ap (entity) FrP (entity) Ona (entity) Smøla (entity) Stortinget (entity)