Svarar kommunedirektĂžren: Moglegheitene er store, risikoen liten
Plus
Knarvik IL Þnskjer ein konstruktiv dialog og hÄpar kommunedirektÞren og kommunestyret vurderer saka med eit blikk for bÄde risiko og moglegheiter.
Det er vanskeleg Ä forstÄ kvifor kommunen signaliserer eit nei til ei lÄnegaranti som kan sikre realisering av aktivitetsparken i Knarvik.
Ordninga er velprĂžvd i andre kommunar, og risikoen blir ofte overvurdert.
For idrettsanlegg av denne typen er det i praksis minimal Ăžkonomisk usikkerheit. MVA blir refundert i sin heilskap, slik det alltid har vore.
Spillemidlar blir tildelte i trÄd med klare kriterium, og anlegg som dette fÄr midlar nÄr dei sÞkjer korrekt og innanfor regelverket.
Kommunen vil seia nei til lÄnehjelp som kan sikra aktivitetsparken
Enorm stÞtte til prosjektet: HÄpet er at parken er pÄ plass til neste haust
Kombinasjonen av desse to ordningane reduserer reell risiko for kommunen til eit nivÄ som kan karakteriserast som tilnÊrma null.
Dette er ogsÄ grunnen til at ei lÄnegaranti blir sett pÄ som heilt normal praksis i ein stor del av landet.
Det er ikkje slik at Alver stÄr overfor ein unik situasjon. I Viken har 34 kommunar etablert ei tilsvarande ordning nettopp for Ä sikre at idretten fÄr utvikle viktige anlegg for barn og unge.
Utan slike verkemiddel taper ein utviklingskraft. Resultatet blir fĂŠrre mĂžteplassar, svakare folkehelse og mindre attraktivitet for kommunen som bu- og oppvekstkommune.
Samtidig hĂžyrer vi stadig oftare â ogsĂ„ pĂ„ riksdekkande radio i dag â at norske ungdommar blir meir stillesitjande.
Knarvik er ikkje eit unntak. Ungdommane vÄre manglar eit lÄgterskel samlingspunkt.
Uorganisert aktivitet finst knapt. Den foreslÄtte aktivitetsparken er ikkje ein luksus; det er ei nÞdvendig investering i trivsel, inkludering og framtidig folkehelse.
Alver kommune mĂ„ skilje mellom lĂžpande utgifter og langsiktige investeringar. Ei lĂ„negaranti for eit anlegg som i stor grad finansierer seg gjennom etablerte ordningar, er nettopp ei investering â ikkje ein kostnad.
Viss kommunen vel Ă„ seie nei til dette prosjektet, sender det eit tydeleg signal om at utvikling av idretts- og nĂŠrmiljĂžanlegg ikkje blir prioritert.
Det vil bremse veksten vÄr og gjere at vi sakkar akterut samanlikna med andre kommunar som satser pÄ liknande tiltak.
Knarvik IL Þnskjer ein konstruktiv dialog og hÄpar kommunedirektÞren og kommunestyret vurderer saka med eit blikk for bÄde risiko og moglegheiter.
Her er moglegheitene store, risikoen liten â og gevinsten for barn, unge og nĂŠrmiljĂžet vĂ„rt vesentleg.