Å krevje at kommunen følgjer opp sine eigne vedtak, er ikkje å «blokkere utvikling»
Plus
Kåre Viga Skretting tilbakeviser uttalene frå Ståle Veland om at det er særinteresser og hytteeigarar frå Nord-Jæren som blokkerer utviklinga i samband med biogass-saka i Hjelmeland.
Ståle Veland skriv i Strandbuen 20. april at planane for biogassanlegg og oksygenfabrikk på Viganeset «i praksis blir styrte av hytteeigarar som til alt overmål bur på Nord-Jæren», og at dette er «eksterne særinteresser» som «blokkerer utvikling».
Eg veit ikkje sikkert om Veland siktar til meg, men eg er hyttenabo til Viganeset og har sendt inn fleire klagar. Og ja – eg er frå Nord-Jæren, men morfar min var frå Hjelmeland, og eg har mykje slekt og gode vener der inne.
Verdiskapning skjer ikke i kommentarfeltet – den skjer i næringslivet
Fakta før merkelappar
I denne omgangen held eg meg til éin ting: vegen. For det er her Veland sitt resonnement tydelegast slår sprekker. Bokstaveleg talt – for vegen held på å gjere det same.
Planen er vedteken. Vegen er det ikkje.
Veland skriv at næringsområda «er regulerte, planane er forankra og faglege vurderingar er gjorde», og at kommunen må «stå ved sine eigne beslutningar».
Problemet er at argumentet slår tilbake på hans eiga sak.
Den 27. april 2016 vedtok Hjelmeland kommunestyre samrøystes reguleringsplan R164 for strekninga Kleppakrysset–Viganeset.
I saksutgreiinga står det at «dagens standard på dei to fylkesvegane FV650 og FV631 (…) er ikkje god sett i forhold til trafikkmengd, trafikktype og omsynet til mjuke trafikantar».
Ti år seinare er tiltaka framleis ikkje gjennomførte. Samstundes som kommunen no gir grønt lys for endå meir industri, sende dei i mars 2026 innspel til fylkeskommunen med ønske om 94 millionar kroner til å utbetre same vegen.
I innkallinga til formannskapet står det:
«Standarden på vegen og forholda for dei mjuke trafikantane er så dårlege at det hindrar vidare utvikling i området.»
Kommunen meiner altså sjølv at vegen hindrar vidare utvikling. Samstundes tillet dei etableringar i bøtter og spann. Dette heng ikkje saman.
Hvem skal bite seg i leppa og stemme mot egen overbevisning, Veland?
Kva dei faglege rapportane seier
Og det er ikkje berre kommunen sjølv som seier det. AnkoNova konkluderte allereie i 2011 med at:
«Dagens vegsystem er svært trafikkfarleg, særleg for mjuke trafikantar, der barn utgjer den største gruppa.»
Og i planomtalen frå 2016 står det at samanblanding av mjuke trafikantar og bilar på ei smal og uoversiktleg strekning med stor tungtrafikk «vil i utgangspunktet ha stort potensial for ulykker».
Dette er ikkje synsing. Det er offentlege plandokument, vedtekne i kommunestyret.
Gjør debatten barnslig og personlig i stedet for å svare på poengene mine
Ny industri, ny type trafikk
Opp i alt dette skal Nippon byggje oksygenfabrikk på Viganeset. Flytande oksygen er klassifisert som farleg gods, og tankbilane som fraktar det, er blant dei tyngste køyretøya på norske vegar.
Nippon kjem ikkje åleine: det er planar om biogassanlegg med over 15 tankbilar dagleg, eksisterande verksemder har allereie dagleg transport, og fleire av dei vil utvide.
Kommuneoverlegen bad om ei trafikkfagleg vurdering. Kommunen svara at fem bilar per dag «i seg sjølv ikkje er ei stor trafikkmengd». Det er ikkje ei fagleg vurdering – det er ei avfeiing.
Ein rasfarleg veg, dokumentert som svært farleg, skal no ta imot auka tungtransport utan at kommunen har gjort éi samla vurdering.
Alle mot alle, eller alle for en?
Dette handlar det om
Veland talar om «små interessegrupper» og manglande folkeleg forankring.
Då er det verdt å minne om at Strandbuen allereie i januar 2025 avdekte at saka var handsama i lukka møte utan å stå på saklista, og at planane hadde vore skjulte i over eit år. Det er vanskeleg å engasjere seg i noko ein ikkje får vite om.
Spør ein dei som bur langs vegen eller ferdast der, trur eg ein finn eit stort fleirtal som er skeptiske og bekymra. Det er først når ein måler mot heile kommunen at dei berørte blir eit «mindretal».
Men det er nettopp derfor vi har lovverk: for å verne dei som blir direkte berørte. Rettstryggleik er ikkje ei meiningsmåling.
Å krevje at kommunen følgjer opp sine eigne vedtak, er ikkje å «blokkere utvikling». Det er å ta planverket på alvor – akkurat det Veland sjølv etterlyser.
Mener veien hindrer videre utvikling: – Noe må gjøres
Spørsmål står att
Skal kommunar følgje opp vedtekne planar når det passar, og sjå mellom fingrane når det ikkje passar?
Eller skal vegen faktisk utbetrast før ein legg til rette for endå meir tungtransport – inkludert farleg gods – på ei strekning som er fagleg dokumentert som farleg?
Skulle det ein dag skje ei alvorleg ulukke på vegen, er det eit spørsmål om ansvar som ikkje kan dyttast vidare.
Næring – ja, men på kva premissar?
Næring luktar, støvar og lagar lyd – det må me tole
Reagerer på ordførerens oppførsel: – Vi blir gjort narr av
Skal vi bygge industri som skyver folk bort?