Herold

Full epleblomstring til Nasjonaldagen i Ullensvang

Plus
Kilde: HF Author: Seniorforskar Mekjell Meland, www.fruitresearch.no Published: 2026-04-26 22:30:00
Full epleblomstring til Nasjonaldagen i Ullensvang

Våren er i kjømda der bakkane grønkast og villplommene blømer langs fjorden.

Det ligg an til ei heller tidleg fruktbløming i år også, men ikkje så tidleg som i fjor. Då stod søtkirsebærsorten Lapins i full blom 22 .april, Opal og Mallard plommene 25. april, Celina pærene 29. april og eplesorten Summerred den 6. mai. Tidlleg bløming er ikkje ynskjeleg sett frå fruktdyrakarane si side. Då er det større sjansar for frost eller dårleg ver med låge temperaturar somgjev dårleg pollinering og fruktsetjing.

Dette året i 2026 var etterjolsvinteren kaldare enn normaltemperaturen. Middeltemperaturen i januar var ÷2.4 ° C og i februar ÷0,9° C, medan mars var varmare med 4,8 °C. Normaltemperaturen (1991-2020) for dei same månadane i rekkefylgje er 1,3 ° C, 0,7 °C og 2,9 ° C.

Utviklinga dette året liknar mykje på året 2021 som hadde om lag same temperaturutvikling dei første månadane dette året. Tal vekstdøger definert med tal dagar over 5° C middeltemperatur er no det same for desse to åra ifylgje Landbruksmeteorologisk tjeneste sin verstasjon på Lofthus.

Dei ulike fruktslag og fruktsortane blømer på litt ulike tidspunkt. Aprikosene er først ut. Av dei tradisjonelle norske fruktslaga blomstrar plommer og søtkirsebær først. Dei står i full blom om lag ei veke føre dei tidlegaste eplesortane Summerred og Gravenstein og pæresorten Celina, medan hovedsorten i Noreg, Aroma, blømer nokon dagar seinare.

Med utgangspunkt i 2021 og normal temperaturutvikling framover, kan ein i år venta at dei tidlegaste plommesortane og søtkirsebæra byrjar å bløma første heile veka i mai (veke 19) medan dei tidlege eple- og pæresortane kjem i veka etter (veke 20). Det er lokale variasjonar med seinare bløming høgare over Sørfjorden.

Historisk endring av 17. mai feiringa i Odda

🏷️ Extracted Entities (15)

Nasjonaldagen (entity) Ullensvang (entity) Celina (entity) Summerred (entity) Aroma (entity) C. Utviklinga (person) Gravenstein (entity) Landbruksmeteorologisk (entity) Lapins (entity) Lofthus (entity) Mallard (entity) Noreg (entity) Odda (entity) Opal (entity) Sørfjorden (entity)