Skulle peike ut Lillehammers viktigaste stadar – gågata var ikkje med
Kva er dei viktigaste stadane i Lillehammer si 200 år lange historie?
Oppsummering 'Kort oppsummert'
Neste år feirar Lillehammer 200-års jubileum. Til feiringa vil kommunen peika ut såkalla 200-årsstadar; særskild viktige stadar for historia til byen.
På førre møte i formannskapet skulle politikarane bestemme både kriteria, og dei faktiske plassane.
Men det siste skulle bli vanskeleg.
Forslaget frå kommuneadministrasjon var:
- Flokofallet
- Fåberg kirke
- Lillehammer museum
- Mesnaelva
- Storhove/Universitet Innlandet
Synest du noko manglar? Stem i avrøystinga, og kommenter i botnen av saka.
Forslag til 200-årsstadar i Lillehammer
Gågata mangla
Venstres Terje Kongsrud var ivrig og teikna seg som første talar då saka vart diskutert.
– Lillehammer vart vedteken som kjøpstad, og er her er det lite som representerer handelen. Eg synest gågata bør vere med, sa han og føreslo å kaste ut Flokofallet.
Dermed begynte ballen å rulle, og politikarane kom på fleire stadar dei meinte mangla.
– Thorstadbua er betre enn Universitetet i Innlandet. Det er ein del av opphavet til byen, sa Øyvin Aamodt (R).
– Hammer gård er jo ikkje nemnt, sa Knut Arne Vassdokken (Ap).
– Dei fleste i Pensjonistpartiet er godt vaksne, men vi var faktisk ikkje til stades då Lillehammer fekk bystatus, sa Mona Bergh Brustad (Pp) humoristisk, og løfta fram Mesnaelva.
Smartembed for https://www.gd.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=89156
Utsette problemet
Ordførar Hans Olav Sundfør (H) forsøkte å samle trådane. Det var rett og slett for vanskeleg å skulle bestemme seg. Så i staden vedtok dei kriteria for korleis velje stadane, og utsette problemet.
Kommunedirektøren må no ta ei ny runde og kome med nytt forslag til politikarane seinare.
– Eg trur vi gjer lurt i det, sa ordførar Sundfør.
Kriterium for 200-årsstadar i Lillehammer
200-årsstadane som blir valde skal få sine eigne minneskilt. Avdukinga skal skje under seremoniar gjennom året med konsertar, foredrag og liknande.
Jubileumsåret startar 1. januar 2027.
Kontaktboks Erlend Blaalid Oldeide