Solgunn vann pris for å visa fram veteranbil-miljøet: – Det er veldig stas
Plus
Journalisten Solgunn Flatebø Mandelid vart heidra for video-reportasjen sin frå lastebil-samlinga «Vognmannen» på Voss.
Hordaland-journalisten vann prisen i den nye konkurransen «Årets lokale video». Prisen vart delt ut under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt jubileumslandsmøte på Voss i helga.
– Eg blir jo like månebedotten kvar gong. Det er veldig stas, og ekstra kjekt sidan det er fyrste gongen LLA har ein egen video-kategori ein kan vinna i, fortel Solgunn om å ha vunne.
Ho vann prisen for video-reportasjen frå veteranlastebil-samlinga på Voss der ho tek publikum tett på eit miljø prega av engasjement og sterke eldsjeler.
– Eg ville visa fram engasjementet i lastebilmiljøet. Ein møter jo desse eldsjelene frå heile landet som kjem for å møtas, og det ligg så mykje ekte glede og fellesskap i det. Det er kjekt å få fram dei type sakene i historia.
Juryen med kjærleiken til dei gamle lastebilane
I juryen si grunngjeving står det som fylgjer:
– Journalist Solgunn Flatebø Mandelid byr på tre minuttar stemningsfull video i høgdeformat, med fine karakterar og god lyd. Lokalavisa formidlar på ein framifrå måte engasjement i veteranbil-miljøet. Takka vera det flotte videoinnslaget, kjenner no også juryen på kjærleiken til dei gamle lastebilane!
Dei nemner også at det er ekstra gjævt å kåra ho som vinnar no som LLA feirar sitt 50-årsjubileum på Voss.
– Eg brenn litt ekstra for video
For Solgunn gjev prisen ny drivkraft til å halda fram med denne typen journalistikk.
– Det gjev meg motivasjon til å få fram desse historiene i lokalsamfunnet og til å halda fram med å løfta slike type miljø. Det er jo kanskje ikkje dei miljøa som vert trekt så mykje fram elles. Hjarta mitt brenn litt ekstra for det òg, fortel ho og legg til:
– Eg brenn litt ekstra for video som formidlingsform. Ein får fanga stemningar, lydar, og kjem tettare på menneska.