Herold

Neglebitar på bortebane for NBK: Isak scora to mål på fire minutt

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-04-26 13:04:56
Neglebitar på bortebane for NBK: Isak scora to mål på fire minutt

Raudtrøyene sikra eit poeng då dei drog til by´n for å møte Djerv på Møhlenpris.

Mål og assist: 1-0 (45), 1-1 (Isak Østrem/Tommy Gaustad 57), 2-1 (Isak Østrem/Fatah Ahmed Abdulle 61), 2-2 (80).

NBK-trenar Håvard Brakstad Moen skildrar ein spennande kamp på tronge Møhlenpris mot Djerv laurdag 25. april.

– Det flunka nye kunstgrasdekket spelte NBK-spelarane nokre puss. Det var glatt og ballen fekk ein annleis sprett, fortel Moen.

I tillegg var venstrebacken til NBK Daniel Guldbrandsøy ikkje å sjå på bana:

– Han sprang nemleg Bergen City Heilmaraton på den imponerande tida 3:15:32.

Trass i to gode sjansar frå skrått hald der Tommy Gaustad og Tarjei Valdersnes var åleine mot keeper, leia Djerv 1-0 til pause i ein kamp som stod og bikka.

Full fres i andreomgang

Etter kvilen i pausen heldt stillingskrigen fram.

– Men då viste nykommaren Isak Østrem kvifor han blir ein viktig mann å følge med på i år. Først heada han inn ein corner frå Gaustad og utlikna til 1-1, før han igjen sette inn 2-1 åleine mot keeper etter ei flott pasning frå Fatah Abdulle, skildrar Moen.

Ti minutt før kampslutt fekk heimelaget straffe etter ein duell i feltet mot ingen andre ringare enn Østrem.

– Svært uflaks, og ein liten partydempar for to-målscoraren då Djerv sette inn 2-2.

Dommaren blåste for siste gong og resultatet stod seg: 2-2 og uavgjort.

– Skal seie seg lykkelege

Lokalfotballekspert David Flatøy følgde med kampen over sending og kommenterer at dette er to lag som heilt tydeleg prøver å skape offensivt spel.

– Det var absolutt ein jamn kamp.

Flatøy er imponert over Østrem og scoringane til 27-åringen.

– Han kom til laget i vinter og er heilt ny. Først heada han i lengste hjørne etter corner, og så får han eit gjennomløpingsmål etter ein flott pasning frå Fatah som vender om og trer gjennom. Østrem er sterk og rask – han spring mot mål og set ballen kontant.

Med både Djerv og NBK høgt på tabellen er eksperten klar:

– Dette var ein toppkamp.

Må løyse kabelen på topp

Flatøy fortel at bortelaget skal prise seg lykkelege med resultatet:

– Når ein ser på terminlista for sesongen, så tenkjer eg at NBK skal vere nøgde med uavgjort på Møhlenpris på ein liten og tett bane. Her er det fort at tilfeldigheitene kan slå inn.

Djerv er eit lag som raudtrøyene kan vente seg sterk motstand frå, med mange nye og gode spelarar. Han nemner August Selnes, som scora begge måla mot NBK under laurdagens kamp.

– Alt i alt trur eg dei skal vere nøgde med eit poeng. Prestasjonen skulle ikkje tilseie at dei kunne venta seg meir.

Framover kjem Flatøy til å følge nøye med på om NBK kjem til å løyse utfordringane med kabalen på topp – om Tommy Gaustad eller Andreas Bøe Snekkevik skal spele ving etter omlegginga til 4-3-3-oppsettet.

Spennande

Kampen var spennande av fleire årsaker.

Blant anna at det no er Djerv og NBK som knivar på toppen av tabellen.

Etter kampen ligg begge laga på ein tredelt førsteplass på tabellen i fjerdedivisjon avdeling 2, saman med Bergensdalen.

Men måldifferansen skil laga.

Djerv leiar med fem i måldifferanse, medan NBK ligg på andreplass med fire. Bergensdalen ligg på tredjeplass med tre i måldifferanse.

Så må det også nemnast at Djerv har spelt ein kamp meir enn strilane.

Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701155/?hideSearch=1&theme=light&height=800

🏷️ Extracted Entities (14)

NBK Daniel Guldbrandsøy (organization) Djerv (entity) Isak Østrem/Tommy Gaustad (organization) Håvard Brakstad Moen (person) Møhlenpris (entity) David Flatøy (person) Fatah Abdulle (person) Isak Østrem/Fatah Ahmed Abdulle (organization) Østrem (entity) Andreas Bøe Snekkevik (person) August Selnes (person) Bergen City Heilmaraton (organization) Bergensdalen (entity) Tarjei Valdersnes (person)