Herold

Hjartesukk om skulekutt: Kutt i år gir kutt neste år

Plus
Kilde: NH Author: Børge Vikebø, yrkesfaglærar ved Austrheim VGS Published: 2026-04-26 16:00:00
Hjartesukk om skulekutt: Kutt i år gir kutt neste år

Kva vil eigentleg administrasjonen fram til når dei stadig føreslår redusering av tilbod ved dei vidaregåande skulane i vår region?

Nok ein gong kjem det forslag frå administrasjonen i Vestland fylkeskommune om endringar i skulestrukturen. Og igjen set dei to skular opp mot kvarandre, noko som er direkte ufint. Dei vidaregåande skulane i Knarvik og Austrheim dekker store område, og då er det ikkje noko kjekt å høyre om forslag der dei set skotuppen i døra for å fjerne ytterlegare tilbod.

For min skule, Austrheim vidaregåande skule, er det VG1 studiespesialisering som står på spel. Det er ei linje ein stiller seg undrande til at dei vil fjerne. Skotuppen eg nemner, vil vere med på å gi dei moglegheit til å føreslå same kutt for VG2 til neste år og VG3 året etter – med tilvising til at det ikkje er søkarar. Dette vil jo vere ei styrt avvikling av eit viktig utdanningsløp.

Rett nok har vi vore heldige og fått behalde mange av yrkesfaga våre etter prosessen i haust, men det siste forslaget vil øydelegge mangfaldet i skulen.

Alvorleg stemning på rektorkontoret: – Dette kan få store konsekvensar

Det som òg er oppsiktsvekkande, er at dette bryt med fylket si eiga målsetjing og strategi for den vidaregåande skulen:

Mål 1 i strategien seier dette: «Elevar og lærlingar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø.»

Kva skjer med trivsel, motivasjon, læring og meistring når elevar vert kasteballar i systemet, må reise langt av stad til skular, flytte på hybel og i tillegg møte andre utfordringar som er større no, særleg knytt til psykisk helse? Til Austrheim soknar mange elevar som har lang reiseveg – frå ytst i Solund, Fedje, Gulen og Masfjorden. Desse vil få ein urimeleg lang reiseveg, eller dyre leigeutgifter, for å få oppfylt sin lovfesta rett til skulegang.

Mål 2 i strategien seier dette: «Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen.»

Korleis trur fylket at dette vil påverke elevane? Der både elevane og dei tilsette kjenner på frykta for nedlegging? Vi som lærarar gjer sjølvsagt vårt for at elevane skal ha det bra, men kva med elevane som ser at dei gode læringsforholda er truga?

Mål 3 er også viktig: «Vidaregåande opplæring har god samanheng med grunnskule og er heilskapleg, fram til arbeidsliv eller høgare utdanning.»

Her kjem delmål 3.1 tydeleg fram: «Elevar og lærlingar har samanheng og tryggleik i alle overgangar.»

Kjenner elevane på tryggleik når rammene til stadigheit skal endrast?

Ikkje minst må vi ha med Mål 4: «Vidaregåande opplæring er ein viktig utviklingsarena for ungdom, vaksne og arbeidsliv», og dessutan delmål 4.2: «Dei vidaregåande skulane medverkar til levande lokalsamfunn og sentrumsområde.»

Kva skjer når administrasjonen ikkje følgjer sin eigen strategi og øydelegg dei levande lokalsamfunna? Tør eg minne om at fylket sjølv har uttalt at dei har grøne hubar dei satsar på, der tre av dei ligg tett på Austrheim? I tillegg vil ungdom som tidleg flyttar frå området, i mindre grad flytte heim etter enda utdanning, noko som er stadfesta i rapportar frå både SSB, Distriktssenteret, NIBR og Telemarksforskning.

Austrheim, Fedje, Gulen, Solund, Masfjorden og Alver har ikkje råd til å miste studiespesialisering på Austrheim. Vi er eit område i utvikling, og då må tilboda bestå.

På 30 år har hun aldri sett makan: – Her ute er gresset allerede grønnere

🏷️ Extracted Entities (16)

Austrheim (place) Fedje (entity) Gulen (entity) Masfjorden (entity) Solund (entity) Alver (entity) Distriktssenteret (entity) Knarvik (place) Mål (entity) NIBR (entity) SSB (entity) Telemarksforskning (entity) VG1 (entity) VG2 (entity) VG3 (entity) Vestland (place)