Herold

Ingen veg utanom – men det kjennest godt etterpå

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jan Per Styve Published: 2026-04-26 12:49:18
Ingen veg utanom – men det kjennest godt etterpå

SKRÅBLIKK: Så vart det min tur. Det måtte kome til meg òg når det kjem til så mange andre. Eg trudde eg skulle sleppe unna, men alderen krev sitt. Eg fann mange grunnar til å gå fri – som at eg trass alt er nokså sprek og meiner eg har gode genar å slekte på.

Men det fer visst ikkje etter det. Kroppen startar forfallet alt når vi passerer 30 år, har eg lest. Så då var det vel min tur no – 46 år seinare.

Derfor måtte eg no sette i verk eit nesten ti år gamalt nyårsforsett. Det er ikkje lenger nok med daglege turar, hagearbeid, trekkje garn på hytta og ta seg opp på diverse fjelltoppar. Eg måtte begynne å trene.

Lenge har eg kikka inn vindauga på treningssenter eg går forbi, og lurt på kvifor dei ikkje går ut på tur heller enn å traske på ei tredemølle. Eg har sett unge menn liggje på rygg og slite med tunge vekter, og lurt på om dei eigentleg synest det er kjekt å drive på slik.

Men no er eg blitt ein av dei – rett nok på eit treningssenter som tilbyr føremiddagstrening for oss litt oppi åra, slik at vi slepp å plagast med å sjå på dei spreke unge som viser fram musklar vi berre kan drøyme om.

No ruslar eg dit to gongar for veka, av sjølvpålagt plikt. Motivasjonen er svært lav når eg går innover. Men du verden kor nøgd eg er med meg sjølv på heimvegen ein times tid etter! Eg er så tilfreds og nøgd at det sikkert lyser av meg.

Men når eg sit og varmar opp ved å dra i romaskina, slit eg med å erkjenne vitsen med det eg held på med. Tenk om eg heller kunne ta ein ekte rotur på hyttefjorden, med eit fiskesnøre bak båten? Det hadde vore mykje meir meiningsfylt.

Det hjelper visst ikkje å vere såkalla sprek. For kvart år etter 30 skrumpar musklane gradvis inn. Frå 60 år er tapet opp mot 3 prosent kvart år. Og både «styrke, eksplosivitet og balanse» blir gradvis svakare ettersom åra går, les eg.

Eg får prøve å ta opp kampen mot desse prosentane, tenkjer eg når eg slit meg gjennom programmet som skal sikre at eg får behalde litt av styrke, eksplosivitet og balanse – sjølv om eg ikkje heilt forstår dette med behovet for eksplosivitet.

Men no vart det brått vêr til hagearbeid. Det trenar no musklane det også, meiner eg. Så denne veka lar eg hagen vere mitt treningssenter. Det er mykje kjekkare – og mykje meir nyttig.

janperstyve@gmail.com