Herold

Sogndal-trenarane blir verande

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2025-12-02 15:31:27
Sogndal-trenarane blir verande

Har inngÄtt kontraktar ut 2028-sesongen.

Hovudtrenar Luis Pimenta og assistenttrenar Miguel Barata har begge inngÄtt ein ny kontrakt med Sogndal Fotball.

Trenarteamet har signert kontraktar ut 2028-sesongen, melder Sogndal Fotball pÄ sine nettsider.

Duoen vart presenterte som nye trenarar for Obos-klubben frÄ Sogn for den 9. desember i fjor, og Pimenta tok over etter Tore André Flo i hovudtrenarstolen.

Til Sogndalfotball.no skriv klubben at dei har tru pÄ at det forlenga samarbeidet kan fÞre til at ein tek nye steg sportsleg, og at Pimenta og resten av stÞtteapparatet er det rette valet for framtida.

Ingrid Narum er ny leiar i Sogndal Fotball

Per Egil Flo legg fotballskoa pÄ hylla