Herold

Lite maratontrøbbel i Bergen: – Folk ser ut til å ha lytta til råda våre

Kilde: NRK Author: Astrid Solheim Korsvoll Published: 2026-04-25 11:04:24 Last updated: 2026-04-25 15:12:18
Lite maratontrøbbel i Bergen: – Folk ser ut til å ha lytta til råda våre

Medan 23 hamna på sjukehus i fjor, har årets Bergen City Marathon i dag gått bra så langt. – Beredskapen vår er god, seier arrangøren.

Oppsummering av saka

  • Over 25.100 deltakarar frå over 70 nasjonar deltok i Bergen City Marathon, som no er Noregs største maraton.
  • Arrangørane rapporterer få hendingar og god beredskap samanlikna med fjoråret.
  • Tage Morken Augustson vann maratonen for sjette gong på rad.
  • Kristian Blummenfelt vann halvmaraton med ei tid på 1.08.30.

Over 25.000 spring i dag under Bergen City Marathon.

Langs med løypa står helsepersonell klare for å passe på alle deltakarane.

I fjor blei mange folk dårlege. 23 personar blei frakta til sjukehus og ei av dei døydde.

Helsepersonell på vakt i eit gatekryss langs løypa.

Arrangør Roger Gjelsvik seier til NRK at det så langt har gått fint.

– Det har vore veldig få hendingar og ikkje noko kritisk. No er det framleis ei god stund att av løpet, men beredskapen vår er veldig god.

Gjelsvik seier det ser ut som at løparane har lytta meir til råda deira om å drikke godt undervegs og ikkje ha for mykje klede på seg.

Det er folksamt i vestlandshovudstaden i dag.

– Så det ser veldig fint ut, seier han til NRK.

Klokka 15 hadde Haukeland universitetssjukehus behandla ni pasientar frå løpet – fire færre enn i fjor. AMK-sentralen der hadde då fått inn 18 samtalar knytta til maratonarrangementet – i fjor var talet nesten dobbelt.

Lege Camilla Rygg Kjørsvik i akuttmottaket på Haraldsplass sjukehus stadfesta trenden klokka 16:

– Vi er glade for at det til no har vore ei rolegare vakt i år enn i fjor. Det har per nå kome inn nokre få pasientar frå løpet.

Største løpet i landet

Løpet har i år ny rekord, og over 25.100 personar frå over 70 nasjonar spring i bergensgatene.

Folk kan delta i 2 km, 21 km, 42 km, 5 km og stafett.

– Det er veldig mykje folk, men folka smiler og dei har det fint, seier Gjelsvik.

Han legg til at dei har hatt nokre mindre utfordringar, men at det jamt over går bra.

Arrangør Roger Gjelsvik er godt nøgd med rekord for årets løp, som no er det største i landet.

– Kva tenkjer du om at dette no har blitt Noregs største maraton?

– Det er veldig gøy. No er vi større enn kva Oslo var i fjor, så no kan dei prøve å slå oss, og så prøver vi igjen neste år. Det er sånn det skal vere, det er gøy!

Slo brudgommen sin med to minutt

Med kvit cowboyhatt kom Maria Victoria Lothe i mål, springande i sitt eige utdrikkingslag.

Den komande ektemannen hennar sprang også, men han kom to minutt etter Lothe – til stor glede for alle i utdrikkingslaget.

Maria Victoria Lothe (i kvit cowboyhatt) sprang under sitt eige utdrikkingslag, og var svært nøgd med å knuse sin komande mann med to minutt.

Andre som også er godt nøgde, men også slitne, er venninnene Isabel Von der Lippe og Vibeke Olstad.

Dei har trent i fleire månader og hadde sett seg eitt mål for dagens halvmaraton:

– Vi ville komme under to timar, og det gjekk, seier Von der Lippe.

Dei vedgår at dei på eit tidspunkt var ganske så pumpa, særleg ved Nordnes, men folkelivet langs løypa hjelpte på:

Isabel Von der Lippe (til venstre) og Vibeke Olstad jublar ved målgangen.

– Stemninga i løypa gav heilt vilt mykje energi, seier Olstad.

Også for Moamen Mekbad var målet å springa halvmaraton på to timar. Han klarte det på 1.50.

– I starten var det tungt. Men då eg kom ned mot Amalie Skram vgs., var det bra.

– Det gjekk betre enn forventa. Eg føler meg som ein «animal»! gliser Moamen Mekbad.

Vann for sjette gong

Tage Morken Augustson frå Varegg vann Bergen City Marathon i Bergen i dag for sjette gong på rad. Han brukte 2.34,06.

Tidlegare olympisk meister i triatlon, bergensaren Kristian Blummenfelt, vann halvmaraton for menn, med Reidar Austerheim (25) frå Jølster Idrettslag på andreplass.

– Eg trur eg sprang på 1.08.30, seier Blummenfeldt til Bergens Tidende i målområdet.

Kvinnenes maratonvinnar vart Live Tjemsland frå Sandnes med tida 2.45,21.

Bethine Riise Carlsen (21) vann halvmaraton for kvinner årets vinner. Ho er friidrettsutøvar i Varegg, og har aldri tidlegare konkurrert i halvmaraton.

Fleire glimt frå løpet:

🏷️ Extracted Entities (27)

Bergen City Marathon (organization) Arrangør Roger Gjelsvik (person) Helse 📁 (category) Kropp & trening - arkiv 📁 (category) Løping 📁 (category) Maria Victoria Lothe (person) Trening 📁 (category) Vibeke Olstad (person) Isabel Von der Lippe (organization) Kristian Blummenfelt (person) Moamen Mekbad (person) Noregs (entity) Tage Morken Augustson (person) Varegg (entity) Amalie Skram (person) Bergens Tidende (person) Bethine Riise Carlsen (person) Blummenfeldt (entity) Haraldsplass (entity) Haukeland (place) Jølster Idrettslag (person) Lege Camilla Rygg Kjørsvik (person) Live Tjemsland (person) Nordnes (place) Oslo (place) Reidar Austerheim (person) Sandnes (place)

📊 Metadata

Category: Helse, Trening, Kropp & trening - arkiv, Løping