Me må investere i ungdom no for å ikkje betale konsekvensane seinare
Plus
Når det vert snakk om kutt i støtteordningar til tilbod for ungdom – vert eg som elevrådsleiar veldig bekymra. Ordningar som Rocket-Man er veldig viktige prosjekt som jobbar med dei ungdommane som treng det mest. Eg kjenner sjølv fleire som har teke i bruk dette tilbodet, og ser dei gode effektane av det.
Rocket-Man sikrar at ungdom som fell litt utanfor skal få sjansen til å finne ein plass dei høyrer til.
Ordninga hjelper ungdom som kanskje ikkje har ein fritidsaktivitet til å kjenne på meistring. Eg trur også at det styrkjer dei sosiale evnene til ungdomen. Alt dette får dei i trygge rammer gjennom dette tilbodet.
Det er ikkje berre ordningar som Rocket-Man som står i fare. Utekontakten og Rask psykisk helsehjelp er også ordningar som kan miste støtte. Dette er det motsette av kva me vil sjå. Tilbod som fremjar psykisk helse skal få meir støtte, og bør utviklast vidare – ikkje få færre midlar.
Det er så viktig at me har førebyggjande tilbod som hindrar at ungdom kjem utanfor, og at dette kjem tidleg i gang. Me har byrja å sjå skremmande tilstandar der elevar utan tilhøyrsel søkjer seg til skadelege miljø. Dersom ein manglar tilhøyrsel, søkjer ein det andre plassar. Dei søkjer seg til skadelege miljø fordi dei ikkje har andre val. Alkohol og andre rusmiddel blir enda meir utbreidd i enda yngre aldrar – heilt ned i 6. klasse.
Dette er ei svært bekymrande utvikling.
Eg meiner at når me ser denne negative utviklinga, er det å kutte i støtteordningar det motsette av det me bør gjere. Sjølv er eg opptatt av at me bør jobbe meir for gode psykiske helsetilbod i kommunen. Eg ser kor mange ungdommar som slit, som føler seg utanfor og ikkje minst søkjer seg til feil miljø. Men eg ser også den gode jobben me gjer for å førebyggje dette. Det må me halde fram med – men då må me prioritere det!
Førebyggjande arbeid er noko av det viktigaste me gjer – og er noko som politikarane må prioritere. Me må investere i ungdom no for å ikkje betale konsekvensane seinare!