Fleire prisar til Sogn Avis
Plus
Ein av dei for dekninga av sogndalspolitikken.
â Eg innser no at det var ein tabbe Ă„ ikkje mĂžta pĂ„ prisfesten, seier journalist Halvor Farsund Storvik.
Med han i spissen stakk Sogn Avis nemleg av med vinnarprisen i «open klasse» under Sogn og Fjordane journalistlag si prisutdeling i Balestrand fredag kveld.
«à rets vinnar viser kva som verkeleg bur i dyktige lokalavisjournalistar nÄr ei krevjande sak opptek alle i lokalsamfunnet. Medan skuldingane haglar frÄ alle kantar, skal journalistane utÞve handverket sitt og fÄ fram den informasjonen folk treng. I dette sakskomplekset fÄr vi bli med pÄ innsida av lukka rom, og vi fÄr sjÄ at makt ikkje alltid er vakkert pÄ nÊrt hald. Heile vegen er journalistikken balansert. Journalistane viser tydeleg, gjennom ei langvarig dekning, kor godt og breitt kjeldetilfanget er. Kritiske motstemmer fÄr plass til Ä kritisere journalistikken undervegs. Det gjev tillit i ein strid prega av brei mistillit. Fleire av avslÞringane i sakskomplekset er av nasjonal storleik. Eit dÞme er etterlÞns- og sluttpakkepolitikken i Sogndal», skriv juryen i grunngjevinga.
Vedtok sluttavtalen
Rekninga frĂ„ Skinlo-advokaten er klar: â Jobben vĂ„r no er Ă„ gĂ„ vidare
â Har ikkje berre vore skryt
â SĂ„ vidt eg veit er det den fĂžrste journalistprisen eg har fĂ„tt. DĂ„ er det sjĂžlvsagt litt surt at eg mĂ„ dela ĂŠra med redaksjonen, men slik er det, vitsar Farsund Storvik.
Han er raskt ute med presiseringa.
â I denne saka har alle her bidrege pĂ„ eitt eller anna vis til Ă„ gjera dekninga vĂ„r sĂ„pass god som den har vore.
â Prisar er alltid kjekt, men spesielt i dette tilfellet, for det har ikkje berre vore skryt Ă„ fĂ„ undervegs. Ă fĂ„ eit slikt godkjentstempel frĂ„ rĂžynde pressefolk er noko som heng hĂžgt.
Arnestad kritiserer lokalavisa i intervju med NPK
I juryen sat Tone Lin StĂžfring Skorvo, Jens Kihl, Kristine Holmelid, Jostein Vedvik og David Zadig.
SjÄ alle vinnarane nedst i saka.
«Innsiktsfullt fotografisk portrett»
Sogn Avis-journalist Kyrre Fitje fekk pris for beste foto.
«Juryen syntest Kyrre Fitje sitt bilete nyttar staden pÄ ein effektiv mÄte for Ä skapa eit kunstnarleg og innsiktsfullt fotografisk portrett av forfattaren Brynjulf Jung TjÞnn. Plasseringa av TjÞnn under sjÞlve brua, og bruken av lyset som skin gjennom, forsterkar kjensla av Ä lÞfta fram det som altfor lenge har vore gÞymt i mÞrket. For oss i juryen lÞftar dette biletet seg til nivÄet av eit framifrÄ redaksjonelt magasinportrett. Vel gjort!»
â Det er kjekt Ă„ sjĂ„ at juryen sĂ„g det eg ville at ein skulle sjĂ„ i biletet, seier Fitje.
â HĂ„par Ă„ kasta lys pĂ„ alle sider av saka
Ănskjet hans var Ă„ illustrera kontrastane i forteljinga bak biletet.
- april i 1999 vart indisk-adopterte Arve Beheim Karlsen jaga pÄ elva av to jamaldrande gutar og dÞydde. Biletet er teke i samband med Ärsmarkeringa 26 Är etter.
Biletet viser forfattar og journalist Brynjulf Jung TjÞnn frÄ Feios. Han er sjÞlv adoptert og jamnaldring med Beheim Karslsen, og jobbar no med ei sakprosa bok om hendinga.
â Dette er ein hjarteskjĂŠrande tragedie. DĂ„ eg var der saman med Brynjulf den dagen, var det mange kjensler som reiv i meg. Desse kjenner eg nĂ„r eg ser pĂ„ biletet igjen. Det er stas pĂ„ fĂ„ utmerking, men ogsĂ„ veldig vondt Ă„ tenkja pĂ„ bakteppet for at biletet vart teke. Eg og Brynjulf sat ved elvebreidden, der den tragiske hendinga skjedde. VĂ„ren er Sogndal pĂ„ sitt vakraste, samstundes som det heng eit uendeleg mĂžrke over staden. Det var det eg ville fanga i biletet.
Heiderlege omtalar
Halvor Farsund Storvik fekk heiderleg omtale for bilete frÄ ei klatreulukke i Sogndal i fjor.
«Her blir juryen minna pÄ den gamle journalistiske regelen: «Ikkje vis meg det same biletet to gonger.» Halvor Farsund nyttar han med slÄande effekt. Dekninga hans av klatreulukka skil seg ut for breidda og variasjonen i bileta. Skiftande vinklar, ulike motiv og nÞye observerte detaljar spelar saman med teksten og fortel ei tragisk historie med klarheit, djupne og kjensle, og held pÄ merksemda til lesaren utan gjentaking».
Krevjande bergingsaksjon: â Det var veldig mange i sving
â Eg var dust og brukte ikkje hjelm, sĂ„ dette kunne gĂ„tt mykje verre
Journalist Endre RomÞren fekk ogsÄ heiderleg omtale for podkasten «Radl om badl».
«LĂžyndomen bak ein god nisjepodkast er Ă„ gjere to ting pĂ„ Ă©in gong: BĂ„de vere smal nok til at nerdane er nĂžgde â og samstundes opne opp feltet for fleire. Juryen vil gje heiderleg omtale til ein podkast som pĂ„ sitt beste greier dette, og som kan lĂžfte seg vidare med strammare redigering og litt betre lyd. Med humĂžr, engasjement og fagkunnskap fĂ„r vi innblikk i regionalfotballens forunderlege verd».
Prisane: