Utan veg stoggar verdiskapinga
Fleire eldre og færre i arbeid. Verda har ikkje vore så uroleg sidan 2.verdskrig. Forsvaret har vore sveltefôra og no betalar me prisen for at me over tiår har vore fredsskada.
Regjeringa er i full gang med revidert og statsbudsjett for 2027. Signala er tydelege, det vert smalhans framover. Stortinget har instruert regjeringa om avgiftskutt på drivstoff utan å ha inndekning. Ein skal vera rimeleg naiv om ein ikkje forstår at denne kostnaden må takast inn att.
Offentlege byggherrar står for om lag 55-65% av anleggsomsetnaden på eit år. Den største landbaserte byggherren er Statens vegvesen. Eit anslag viser at den norske anleggsbransjen sysselset om lag 50.000 tilsette.
Berre på avgiftskuttet på drivstoff må regjeringa saldere 6,7 mrd i inntektstap i årets budsjett, det vert garantert ikkje teke i helse og forsvar.
Statens vegvesen disponerer i 2026 om lag 50 mrd. Mykje av investeringsmidlane er knytt opp i store prosjekt. Dei neste par åra vert ein endå større del bundne opp i OPS-prosjekt som Sotrasambandet og Hålogalandsvegen.
Kvite pinnar kannok difor skytast i alle retningar etter nye investeringsprosjekt. Det betyr også færre av dei mindre investeringsprosjekta, altså dei typiske prosjekta som mindre og mellomstore lokale entreprenørverksemder i Noreg konkurrerer om og utfører. Om det ikkje finns arbeid å bruka drivstoff på, vil avgifter på drivstoff vera av mindre betydning.
Statens vegvesen erein sentral motor for næringsliv, framkomst og arbeidsplassar over heile landet. Over 90% av all transport på land skjer på veg, både målt i tonn, verdi og persontransport. Riks- og europavegar står for meir enn halvparten av samla trafikkarbeidet. Når rammene til vegvesenet vert redusert, vert det færre oppdrag i marknaden, prosjekt vert utsett og verksemder står utan arbeid. Ubrukte kompetansemiljø forvitrar. Lokalkunnskap og beredskap forsvinn.
Anleggsbransjen merkar tørken i marknaden og fleire fryktar permitteringar. Nedgangstider utan tilstrekkelege motkonjukturtiltak kan gje varig tap i verdiskaping.
Eit tenkt talpå 2 mrd nedtrekk hjå Statens vegvesen kan få konsekvensar for opp til fleire tusen årsverk, om ein tek med heile verdikjeda. Det er maskinførarar, fagarbeidarar, lærlingar og lokale entreprenørar. I neste ledd gir mindre arbeid rundt i landet færre kroner til lokalbutikken, hjå snikkaren, på byggmixen og på kafeen. For ringverknaden av eit nedtrekk, har ein langt større marknadseffekt enn sjølve nedtrekket.
Vegen er føresetnaden for å frakta varer som gir eksportinntekter. Vegen er avgjerande for militær mobilitet, beredskap, varetransport, verdiskaping og busetnad over heile landet.
Alt heng saman med alt og me i NTL Veg fryktar at vegen skal brukast som salderingspost i revidert og nytt statsbudsjett.
Investering i veg, vedlikehald og utbetring er ikkje i motsetnad til å satsa på helse og forsvar. Det er heller ein føresetnad for å i det heile ha råd til det.
Det er mogleg å spara seg til fant.