Herold

4.265 kvinnheringar er inviterte til å delta i stor undersøking

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-04-25 11:00:00
4.265 kvinnheringar er inviterte til å delta i stor undersøking

Vestland fylkeskommune vil vita korleis vestlendingane har det. Mange kvinnheringar er gitt høve til å svara.

«4.265 kvinnheringar har blitt inviterte til å svara på Folkehelseundersøkinga 2026, med mål om få svar på korleis har vestlendingane det», skriv Kvinnherad kommune på nettsida si.

Totalt er det 222.054 innbyggarar som er trekte ut til å delta i årets folkhelseundersøking, som for første gong blir gjennomført på Helsenorge. Dei inviterte får invitasjon frå Folkehelseinstituttet (FHI) på den måten ein har valt å få varsel på i Helsenorge. Det melder Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Målet med undersøkinga er få meir kunnskap om helse og livskvalitet blant vaksne i Vestland, og det er fylkeskommunen som saman med FHI og kommunane i fylket står bak undersøkinga.

«No håpar vi så mange som mogleg tar seg tid til å svara. Fylkeskommunen og kommunane treng å høyra korleis innbyggarane i Vestland har det for å gjera fylket til ein endå betre stad å bu og leva», seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, i pressemeldinga.

Spørsmåla i undersøkinga dreier seg om helse, nærmiljø og livskvalitet, men undersøkinga er også meint å kartlegga i kva grad vestlendingane synest det er viktig med eigenberedskap, og om dei trur klimaendringar kjem til å påverka framtida negativt.

– Håpar kommunen vil sjå på dette før dei deler ut løyve

🏷️ Extracted Entities (5)

Vestland fylkeskommune (organization) Folkehelseinstituttet FHI (organization) Helsenorge (entity) Jon Askeland (person) Kvinnherad (entity)