Herold

Treng du pass til sommaren? Då bør du få med deg dette

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-25 12:00:00
Treng du pass til sommaren? Då bør du få med deg dette

Voss politistasjon har førebels fleire ledige timar, men ikkje før i juni.

Politistasjonssjef på Voss politistasjon, Håvard Skattum, seier dei har fleire ledige passtimar.

Ein kjapp kikk innom nettsida viser at det førebels er ledige timar, men ikkje før i juni.

– Me legg ut litt ettersom kva ressursar me har. Det er berre å fylgja med, seier Skattum.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=527941

Vurder om du treng pass

Han oppmodar likevel å vurdera om ein treng pass no med ein gong, eller om ein kan venta til hausten.

– Viss ein ikkje må reisa, så treng ein ikkje pass, seier han.

Passkontoret på Voss har vore mykje omdiskutert, og det er usikkerheit om vidare drift frå august, men Skattum trur det vil ordna seg.

Frå arkivet:

– Eg godtek ikkje at Voss skal mangla passkontor

Justisministeren svarar Toppe: – Passkontoret på Voss vert ikkje lagt ned

Legg ut nye passtimar – og jobbar vidare med permanent løysing

🏷️ Extracted Entities (3)

Voss (entity) Håvard Skattum (person) Toppe (entity)