Herold

Trygg Trafikk åtvarar mot å droppe bilstol for tidleg: 1 av 4 barn er ikkje godt nok sikra

Kilde: NRK Author: Stine Bækkelien Published: 2025-12-02 15:16:32
Åtvarar mot å droppe bilstol for tidleg

Meir enn kvart fjerde barn mellom fire og ni år er ikkje godt nok sikra i bil. Seksbarnsfaren i Lillehammer meiner fleire må orke å ta kampen.

Saka samanfatta:

Ikkje godt nok sikra

Fleire vel bilpute for tidleg

NRK forklarer

Dette seier lovverket om barn i bil

Kjelder:

– Ein kamp

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Ein tenker kanskje at det ikkje skal skje noko på dei korte turane, til idretten eller skolen for eksempel. Men ein kan ikkje planlegge når bilulykka skjer.

Det seier Espen Østvold Rølla. Han er far til seks barn.

Philip på 11 år, William på 9, Emily på 4, tvillingane Birk og Iben på 15 månader og vesle Lily som er 5 veker gamal.

– Først og fremst er det ei stor glede, men også hektisk. Det må eg understreke. Men det er herleg. Herleg slitsamt.

– Det er eit forsøk på humor, seier seksbarnsfaren om sitt personlege bilskilt. Han innrømmer at det nok også er litt harry.

Med seks barn må han vere god på både logistikk og struktur. Og sjølv om tida kan vere knapp, tar han sikring av barn i bil på alvor.

– Vi må ta oss tid til å sikre barna våre så godt vi kan, seier han.

Men ferske tal frå Trygg Trafikk viser at fleire ikkje gjer det.

Les også om at Trygg Trafikk åtvarar mot å kjøpe brukte barnesete.

– Vi kan ikkje vere tydelege nok på kor viktig det er at barna sit godt sikra så lenge som mogleg, seier Silje Kristine Hansen frå Trygg Trafikk.

Undersøkinga viser at omtrent kvart fjerde barn mellom fire og ni år sit på bilpute, i staden for eigna beltestolar.

65 prosent i aldersgruppa 4 til 9 år sit sikra i framovervendt barnesete, medan 5 prosent framleis sit bakovervendt, ifølgje undersøkinga.

Totalt er altså 70 prosent rett sikra.

Det er ein auke frå 53 prosent ved førre teljing for to år sidan. Likevel er ikkje Trygg Trafikk fornøgde.

Ifølge undersøkinga sit 24 prosent av barna i aldersgruppa på bilpute, medan 5 prosent bruker dei originale belta til bilen, og 1 prosent sit heilt usikra.

– Om du skulle vere så uheldig å hamne i ei ulykke, så vil du jo at barna dine skal vere best mogleg sikra. Sjølv om det berre er ein kort tur, seier Hansen.

– Den gode nyheita er at stadig fleire foreldre sikrar barna riktig, anten bakovervendt eller i beltestol. Det er veldig bra. Men det er framleis altfor mange som kastar ut bilstolen for tidleg, seier Silje Kristine Hansen i Trygg Trafikk.

– Barna dine lærer jo gode vanar frå dag éin ved at du er påpasseleg og snakkar om det her. Så det er også ei god læring for livet.

Ser ein på barn i alderen 4 til 7 år, sit 17 prosent av dei på bilpute.

– Desse barna er for små av vekst til å bruke bilpute. Dei har behov for betre støtte.

Det er særleg i Innlandet, Østfold og Akershus at bilputebruken er utbreidd. Her sit 29 prosent i aldersgruppa 4–9 år på bilpute.

Trygg Trafikk si oppfordring er å skifte til bilpute først når barnet har vakse ut av beltestolen. Det finst også beltestolar som er godkjente for bruk inntil 150 centimeter, opplyser Trygg Trafikk.

Ein er pålagt å sikre barn i bil. Barn som er under 150 cm høge skal alltid bruke godkjent barnesikringsutstyr som er rett i forhold til vekta og høgda til barnet.

Men, om det ikkje finst godkjent barnesikringsutstyr i bilen, kan barn under 150 cm og over 135 cm bruke berre ordinært bilbelte.

Sjølv om lovverket seier dette, er det ikkje noko Trygg Trafikk anbefaler då barn mellom 135 og 150 cm framleis treng hjelp med plassering av beltet.

Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i framsetet der det er airbag. Unntaket er dersom kollisjonsputa er deaktivert manuelt eller automatisk.

I bil der det ikkje er bilbelte, til dømes veteranbilar, skal barn under tre år ikkje transporterast. Barn over tre år skal ikkje transporterast i framsetet i bilar utan bilbelte.

Barnesikringsutstyret må vere godkjent og montert slik det står beskrive i bruksrettleiinga.

– Vi trur kanskje at ein del ikkje er klar over fordelen ved beltestol, og kva som kan vere utfordringane ved å berre bruke bilpute.

Mellom anna kan det vere krevjande for eit barn å sitte rett på ei pute, og ha beltet rett plassert under heile køyreturen.

I tillegg kan ein beltestol hjelpe barna med rett sittestilling, og vere ei god støtte dersom barnet sovnar, forklarar ho.

Les også om då ein ikkje sikra barn i bilen.

Sjølv om seksbarnsfaren tar sikring av barn i bil på alvor, innrømmer han at også han har synda.

– Tid er vår tids viktigaste valuta for mange. I ein stressande kvardag er det lett å ta snarvegar. Det forstår eg godt, og kanskje særleg på dei korte turane.

– Eg har tatt snarvegar sjølv, så eg er ein stor syndar. Men eg prøver å gjere så godt eg kan, noko eg trur alle gjer. Men det er bra å ha fokus på dette, så fleire kan hjelpe kvarandre å sikre barna.

– Det er ofte høgda det kjem an på ved val av bilsete. William er snart høg nok, altså 140 centimeter, til å kunne sitte på pute framme i bilen med meg, seier Espen Østvold Rølla.

Og det gler William (9) seg til. – Det blir godt å sitte framme. Då slepp eg mykje skriking, seier han.

Kvifor fleire slurvar med sikringa, veit han ikkje, men han trur det kan vere ein kamp mange ikkje orkar å stå i.

– Eg synest ofte det er ein kamp. Da må ein berre prøve å vinne den kampen kvar dag så dei sit godt sikra. Men eg forstår at det kan vere slitsamt.

– Eg opplever kvar veke at det er unnskyldningar eller at det er flautt å sitte i bilstol. Eg får høyre at «ingen andre gjer det, berre du tvingar oss til det». Ja, men da gjer eg det, da, og så er det sånn, seier seksbarnsfaren.

  • Meir enn kvart fjerde barn mellom 4 og 9 år er ikkje godt nok sikra i bil, ifølgje Trygg Trafikk.
  • 24 prosent av barna i denne aldersgruppa sit på bilpute, medan 5 prosent brukar originale bilbelte, og 1 prosent sit heilt usikra.
  • Trygg Trafikk oppmodar foreldre til å bruke beltestol så lenge som mogleg, då bilpute ofte gir dårlegare støtte og kan føre til feil plassering av beltet.
  • Seksbarnsfaren Espen Østvold Rølla understrekar kor viktig det er å sikre barna godt, sjølv på korte turar, sjølv om det kan vere krevjande i ein hektisk kvardag.
  • Undersøkinga viser at bilputebruken er særleg utbreidd i Innlandet, Østfold og Akershus.
  • Å sikre barna riktig frå dag éin kan også lære dei gode vanar for framtida.

  • Les også om at Trygg Trafikk åtvarar mot å kjøpe brukte barnesete.

  • Forskrift om bruk av personleg verneutstyr under køyring med motorvogn.

  • Trygg Trafikk
  • Statens vegvesen

  • Les også om då ein ikkje sikra barn i bilen.

  • – Det er ofte høgda det kjem an på ved val av bilsete. William er snart høg nok, altså 140 centimeter, til å kunne sitte på pute framme i bilen med meg, seier Espen Østvold Rølla. Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

  • Og det gler William (9) seg til. – Det blir godt å sitte framme. Då slepp eg mykje skriking, seier han. Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

📊 Metadata

Category: Innlandet, Trafikksikkerhet, Norge, Barn/unge
OpenGraph Title: Trygg Trafikk åtvarar mot å droppe bilstol for tidleg: 1 av 4 barn er ikkje godt nok sikra
Twitter Title: Trygg Trafikk åtvarar mot å droppe bilstol for tidleg: 1 av 4 barn er ikkje godt nok sikra