Herold

Stein Inge samlar «skrot» frå heile byen: – Eg vil hjelpe dei som hjelpte meg

Plus
Kilde: NH Author: Karoline Nordgulen Published: 2026-04-25 08:42:13
Stein Inge samlar «skrot» frå heile byen: – Eg vil hjelpe dei som hjelpte meg

For fem år sidan brann han ned huset sitt i desperasjon. No har Stein Inge gjort loppemarknad til sin lidenskap, og kvar krone donerast til velgjerande føremål.

(BERGENSAVISEN): Utanfor huset sitt på Myking har Stein Inge Steffensen sett opp eit stort, kvitt telt. Inni det ligg antikvitetar, kjøkkenutstyr, pyntegjenstandar, klede og andre duppedittar.

Dei siste åra har loppemarknad blitt den store lidenskapen til Steffensen. Han bruker mange timar på å køyre rundt og plukke opp ting i Bergen og omland.

Tinga har han fått frå folk som har hatt det liggande i altfor lang tid, eller som ønskjer å bidra til eit godt føremål.

For Steffensen samlar ikkje inn pengar til seg sjølv. Kvar einaste krone han får for tinga, donerer han til velgjerande organisasjonar som han meiner gjer noko viktig.

Denne helga vil han bidra til Sammensenteret Laksevåg, eit aktivitetssenter for menneske med rusproblem.

– Eg vil hjelpe dei som hjelpte meg den gongen eg ikkje hadde noko.

Siste videoer fra BA (embed)

Brann ned sitt eige hus

For fem år sidan var livet mørkt for fyllingsdølen. Han hadde busett seg på Høyland i Alver, og oppdaga raskt at huset han hadde kjøpt ikkje var i noko god stand.

Han har heile vegen meint at han blei lurt av seljaren, og kjempa ein lang kamp for å få hjelp frå det offentlege til å finne seg ein ny bustad. Frå før av sleit han med alkohol og gambling.

– Eg budde blant rus og rotter. Det var eit helvete, skildrar han.

Ein desembernatt i 2021 bestemde han seg for å setje fyr på huset.

For han var det eit rop om hjelp. Steffensen erkjente for politiet at han stod bak brannen, noko han fortalde om i Avisa Nordhordland kort tid etter.

Etter brannen stod Steffensen på bar bakke. Han fortel at han fekk mykje hjelp av folk som gav bort ting dei hadde liggande.

– Eg la ut eit innlegg på Facebook der eg spurde etter møblar og den slags. To dagar etterpå så hadde eg alt eg trong.

Han fortel at også Sammensenteret tok han imot med opne armar då han trong eit måltid eller ein stad å vere.

Hjelpa han fekk tente ein gnist i han. Sjølv om Steffensen sleit, ville han gjere det han kunne for å hjelpe andre.

– Kom med lass på lass

Leiar for Sammensenteret, Sissel Jenssen Østrem, er imponert over det Steffensen har fått til.

– Eg synest det er fantastisk at han har klart å kome dit han er i dag. Stein er veldig gavmild og raus, og har stor omtanke for dei som er i ein situasjon der dei slit økonomisk eller har ein vanskeleg kvardag.

Østrem mimrar tilbake til då ho først blei kjent med Steffensen, for omtrent åtte år sidan, og han ofte tilbydde seg å skaffe kjøkkenutstyr eller andre ting som brukarane trong.

– Eg veit jo kor mykje han har slite, spesielt etter at han kjøpte huset på Høyland. Men han har virkeleg bretta opp ermene og bygd seg opp frå null.

Sist han hadde loppemarknad på Laksevåg, i samarbeid med Sammensenteret, samla Steffensen inn 25.000 kroner til organisasjonen.

Det var han som hadde samla saman alle tinga, medan senteret stilte med arbeidskraft.

– Då kom han køyrande med lass på lass, og fylde opp ein heil etasje. Heile Håsteinsgaten var smekkfull med bilar under loppemarknaden, fortel Østrem.

Kallar det ein «delemarknad»

Den store begeistringa for å selje brukte ting oppstod allereie for over 40 år sidan. Steffensen fann ein boremaskin på bosshaugen, og klarte å selje den for 150 kroner.

Han ble biten av basillen, og byrja å samle skrot og brukte gjenstandar som han kunne selje eller gje til menneske som trong dei.

Men først dei seinare åra har han arrangert ordentlege loppemarknadar til inntekt for velgjerande organisasjonar.

Laurdag og søndag arrangerer han sitt fjerde, denne gongen i sin eigen hage på Myking.

– Eg kallar det for «delemarknad». Folk vel sjølv kor mykje dei vil betale for tinga dei skal kjøpe. Og har ein ikkje pengar, så får ein det gratis.

Steffensen fortel at han, i tillegg til alt som er samla i teltet, har 18 lager i Fyllingsdalen og Fana som er fylte opp med ting. Og alt skal seljast – ingenting blir liggande inne i huset.

– Eg hatar rot og skrot, og samlar ikkje på noko sjølv. Det hadde ein kanskje ikkje trudd!

🏷️ Extracted Entities (13)

Stein Inge Steffensen (person) Sammensenteret Laksevåg (person) Høyland (place) Myking (entity) Sissel Jenssen Østrem (person) Alver (entity) BA (entity) BERGENSAVISEN (entity) Bergen (entity) Facebook (entity) Fana (entity) Fyllingsdalen (entity) Heile Håsteinsgaten (person)