Herold

«Arbeidsmåten medfører at ingen i arbeidsgjevarutvalet er inhabile, heller ikkje ordførar»

Kilde: Vesterålen Online Author: Frode Lauareid Published: 2026-04-24 17:15:56
«Arbeidsmåten medfører at ingen i arbeidsgjevarutvalet er inhabile, heller ikkje ordførar»

VOL – også kjent som Vesterålen Online og vol.no – holder til på Sortland og er en regionavis som dekker kommunene Andøy, Bø, Hadsel, Sortland og Øksnes.

Kommentar til redaktør Wåhlberg

Du leser nå en meningsartikkel. Den uttrykker skribentens mening.

Eg viser til meiningsytring publisert på vol.no frå redaktør Ingmar Wåhlberg, med overskrifta «Vi kan ikke late som dette ikke har skjedd».

På vegner av arbeidsgjevarutvalet i Sortland kommune, vil eg komma med eit par merknader til denne meiningsytringa.

Kommunedirektøren er øvste administrative leiar i Sortland kommune. Det overordna arbeidsgjevaransvaret ligg i kommunestyret. Kommunestyret er for stort som organ til å forvalta dette arbeidsgjevaransvaret. Difor er det vanleg at arbeidsgjevaransvaret for kommunedirektøren vert handtert av eit arbeidsgjevarutval, som typisk er samansett av ordførar, varaordførar og ein medlem frå mindretalet i kommunestyret.

Arbeidet som arbeidsgjevarutvalet skal gjera, er regulert av arbeidsmiljølova. I korte trekk går det ut på å følgja opp kommunedirektøren som arbeidstakar, for å sikra at kommunedirektøren leverer etter arbeidsavtalen. Dersom arbeidsgjevarutvalet får informasjon som kan tyda på at så ikkje er tilfelle, må arbeidsgjevarutvalet ta dette opp med kommunedirektøren.

Svaret frå kommunedirektøren er avgjerande for korleis saka blir følgt opp vidare. Også den vidare oppfølginga er regulert av arbeidsmiljølova. Det er dette arbeidet arbeidsgjevarutvalet er i gang med. Kommunedirektøren har fått instruks om at han skal konsentrera seg om å komma tilbake med fullstendige svar til arbeidsgjevarutvalet. Arbeidsgjevarutvalet vil arbeida så raskt som mogleg for å få ei avklaring av saka, og håpar denne er klar i løpet av ei veke eller to.

Det er eg som advokat som utfører alt det praktiske arbeidet for arbeidsgjevarutvalet. Arbeidsgjevarutvalet skal ikkje fatta noko vedtak i saka, men vera ein ressurs i mitt arbeid med å få saka så godt opplyst som mogleg. Denne arbeidsmåten medfører at ingen i arbeidsgjevarutvalet er inhabile, heller ikkje ordførar.

Inntil dette arbeidet er gjort, vil kommunedirektøren ikkje stå i vanleg drift. Vanleg drift vert ivaretatt av fungerande kommunedirektør.

Arbeidet til kontrollutvalet er regulert av internkontrollreglane i kommunelova. Kontrollutvalet har ein heilt annan arbeidsmåte. I korte trekk får arbeidsmåten ut på at revisjonen gjennomfører grundige undersøkingar og utarbeidar ein rapport om dei funna som vert gjort. Rapporten vert lagt fram for kontrollutvalet, som så eventuelt sender saka med ei innstilling til kommunestyret. Dette er eit arbeid som typisk tar nokre månader.

Frå eit kontrollperspektiv er det ikkje noko problem at ein må venta nokre månader før ein kan få ei avklaring. Frå eit arbeidsgjevarperspektiv er det ikkje haldbart å venta så lenge. Eg håpar eg med dette får fram at det arbeidet arbeidsgjevarutvalet held på med, og det arbeidet revisjonen og kontrollutvalet skal starta med, ikkje er enten eller men både og. Begge arbeidar med same saka, men med forskjellige sider av den same saka. Dette er ei fornuftig og hensiktsmessig arbeidsdeling.

🏷️ Extracted Entities (21)

Sortland (place) Frode Lauareid 📁 (category) Kommunedirektør 📁 (category) Kommunestyret 📁 (category) Meninger 📁 (category) Ordførar 📁 (category) Redaktør 📁 (category) Sortland kommune 📁 (category) kontrollutval 📁 (category) Frode Lauareid 🏷️ (keyword) Kommunedirektør 🏷️ (keyword) Kommunestyret 🏷️ (keyword) Ordførar 🏷️ (keyword) Redaktør 🏷️ (keyword) Sortland Kommune 🏷️ (keyword) kontrollutval 🏷️ (keyword) Ingmar Wåhlberg (person) Andøy (place) (entity) Hadsel (entity) Øksnes (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, kontrollutval, Sortland kommune, Kommunedirektør, Frode Lauareid, Ordførar, Redaktør, Kommunestyret
Keywords: kontrollutval, Sortland kommune, Kommunedirektør, Frode Lauareid, Ordførar, Redaktør, Kommunestyret