Nye funn etter sakna Oliver i Polen
Plus
Politiet har sikra seg bÄde videoovervaking og nye vitneobservasjonar, og trur den sakna kan ha drukna i elva.
Polsk politi har sikra seg videoovervaking frÄ utanfor utestaden der sakna Oliver Rivedal sist var observert 22. november, og frÄ eit omrÄde ved elva. Dei har ogsÄ avhÞyrt vitne som fortel om ein person som svÞmte i elva same natta.
Det kjem fram i ei pressemelding frÄ politiet tysdag ettermiddag.
Rivedal skal ha forlate nattklubben ZEN i Warzava klokka 04.35 22. november, og har sidan vore sakna.
â Politiet har brukt sĂžkshundar for Ă„ lokalisere spor. Hundane har fĂžlgt eit spor til elva Wisla, opplyser kommunikasjonsrĂ„dgjevar Gry Halseth i Vest politidistrikt.
Den aktuelle laurdagen, ca. kl. 06:00, mottok politiet eit naudanrop om ein person som svÞmte i elva. Nokre fiskarar har opplyst at dei sÄg ein person bÄde ved elvebreidda og etterpÄ ute i vatnet.
â Basert pĂ„ videoovervaking frĂ„ staden er det stadfesta at ein mann dreiv med straumen nedover elva. Polsk politi knyter informasjonen saman og meiner det kan sjĂ„ ut som at den sakna har drukna. Polsk politi held fram sĂžket og seier dei vil sette i verk alle moglege tiltak for Ă„ finne den sakna, avsluttar Halseth.
â Familien stĂ„r i ein veldig krevjande situasjon. Dei har formidla til oss at det var ein vanskeleg beskjed Ă„ fĂ„, seier politietterforskar Oda Thorstad til Firda.
Leitar framleis etter Oliver. Politiet fÄr lite info frÄ Polen