Bilførar fekk sløkt brannen sjølv – får ros av brannvesenet
Plus
Klokka 17.30 fredag blei det meldt om brann i ein bil på Husnes.
Bilen som tok fyr var ein hybridbil, og det var eigaren som sjølv oppdaga brannen, fortel brannsjef Øyvind Ousdal. Naudetatane rykte ut til staden, men då var brannen stort sett sløkt.
– Vi fekk melding om brannen, men dei som køyrte den fekk gjort ein veldig god jobb før vi nådde staden. Då dei oppdaga flammane som stod opp av panseret fekk dei køyrt bilen godt vekk frå vegbana før dei henta skumapparat og sløkte brannen sjølv, fortalde Ousdal til Kvinnheringen på staden.
– Kva blir gjort vidare no?
– No har vi kontrollert bilen, og sjekka at det ikkje er fare for vidare brann. I og med at det er ein hybridbil har vi kopla frå batteripakken slik at det ikkje står spenning på den. Vidare vil bilen bli henta av bilbergar og sett på ein trygg plass.