Ung kunstnar står for den andre kunstutstillinga i klosteret denne sesongen
Plus
Den 21 år gamle kunststipendiaten Johanne frå Levanger opnar si første soloutstilling med oljemaleri på Halsnøy Kloster kommande søndag.
Søndag 26. april opnar den andre kunstutstillinga i klosteret i år.
«Det igjen duka for utstillingsopning i gallerikjellaren på klosteret, og vi gler oss til å visa arbeida og kanskje høyra litt om prosessane rundt det å vera kunststipendiat», skriv avdelingsleiar ved Halsnøy kloster/Sunnhordland museum, Helén Petersen i ei pressemelding.
Denne gongen er det Johanne Graneng Nesbø (21) frå Levanger i Trøndelag som opnar si første soloutstilling, i hovudsak med oljemaleri. Ho har no vore stipendiat på Sunnhordland folkehøgskule.
Oljemaling vart raskt hennar foretrekte materiale, på grunn av kor allsidig det er i kombinasjon med andre medium. Ho arbeider i hovudsak med figur og portrettmaleri.
«Eg malar portrett med vekt på likheit, samtstundes som eg nyttar personleg uttrykk. Mine verk er fokusert på å laga kontrast mellom eit dystert utgangspunkt og sterke fargar. Fargebruken er inspirert av portrett med impresjonistisk innverknad, i kombinasjon med unaturlege fargar og former som lager ein bakgrunn som kan minna om kollasj. Etter mange år med teoretiske fag, ønskte eg å fordjupa meg i praktisk kunstarbeid. I løpet av året har eg brukt mykje tid på å utforska og eksperimentera mellom motiv og fargar, noko som har ført til variasjon i fargar og stil mellom maleria. Utstillingen skal visa de ulike teknikkane eg har hatt fokus på, og kva eg har oppdaga i løpet av eit år»,seier kunstnaren sjølv om måten ho jobbar på og kva publikum har i vente.
Utstillinga vil henga i gallerikjellaren frå 26. april til 10. mai.
Yvonne gjentar suksessen i samarbeid med Retro: Auksjonerer vekk heimesydd festdrakt