Kronikk - Eitrheimsvågen 24. april
Plus
Kommunen har på linje med dei føresette og naboar svært høge forventningar til tiltakshavar i oppfølginga vidare. Arbeidet på tomta hittil har ikkje vore i tråd med godkjent tiltaksplan for forureina grunn.
Ole-Jørgen Jondahl
Rådmannen ser behov for å informera i lokalavisa om situasjonen som er oppstått i Eitrheimsvågen i samband med bygging på Sirkus-tomta, og kort kommentera innhaldet i artikkel i Hardanger folkeblad 23.april 2026.
Innleiingsvis vil eg peika på kommunen si rolle i denne saka. Det er ikkje kommunen som er tiltakshavar, det er Odda Invest AS som eig og har ansvaret for arbeidet på tomta. Kommunen som forureiningsmynde og byggesak har handsama løyve til arbeidet på tomta. Det er tiltakshavar Odda Invest AS og entreprenør Røynstrand AS sitt ansvar at den godkjende tiltaksplanen som er utarbeidd av Norconsult vert følgd i arbeidet på tomta. Kommunen som forureiningsmynde følgjer no opp saka.
Kommunen mottok torsdag 16.april ei alvorleg bekymringsmelding frå dei føresette i Eitrheimsvågen barnehage som gjekk på akutt forureining frå arbeidet på nabotomta. Rådmannen trykte då på den “blå knappen” og sette forureiningsmynde i kommunen på saka. Det vart gjennomført fleire synfaringar same dag på tomta og i barnehagen. Kommuneoverlegen valgte same dag å tilrå at barna vart halde inne til kommunen hadde fått meir oversikt i saka. Fredag 17.april gjennomført kommunen møte med tiltakshavar Odda Invest AS, Norconsult og entreprenør Røynstrand. Kommunen var svært oppteken av at arbeidet på tomta vart gjennomført i tråd med godkjent tiltaksplan for forureina grunn, og viste til bekymringsmeldinga frå foreldra og kommunen sine synfaringar. Det vart og avtalt at ein skulle gjennomføra nabomøte, som kommunen meinte burde ha vore gjennomført i forkant av arbeidet. Mandag og tirsdag denne veka gjennomførte kommunen nye synfaringar og følgde opp arbeidet som var i gong. Kommunen konkluderte tirsdag føremiddag med at arbeidet ikkje vart utført i tråd med godkjent tiltaksplan for forureina grunn, rådmannen trykte då på den “raude knappen” og vedtok full stans i arbeidet tirsdag kl 1530.
Nabomøtet vart gjennomført onsdag kveld kl 1800, med godt oppmøte. Rådmannen oppfatta møtet som godt, det kom som forventa mykje kritikk til tiltakshavar og entreprenør for arbeidet og tryggleik på tomta. Kommunen fekk kritikk i møtet frå dei føresette i barnehagen på at det ikkje hadde kome raskare respons på krav om stans i arbeidet. Rådmannen svarte at kommunen trong den tida som hadde gått, frå torsdag til tirsdag for å få oversyn på fakta i saka, og ha dialog med tiltakshavar, før inngripande vedtak vart fatta. Rådmannen registrerer at journalisten meiner kommunen “la seg flat”, det er eit inntrykk rådmannen ikkje kjenner seg att i. Kommunen svarte på kritikken at ein tok saka på høgste alvor frå og med torsdag morgon kl 09.51 då bekymringsmeldinga var gjennomgått og forurensingsmynde (kommunalsjef teknikk og miljø) tok tak i saka. Det er eit inngripande vedtak å stoppa alt arbeid, difor trong kommunen denne tida for å klarheit i fakta før vedtak om stans vart fatta. Når kommunen tirsdag denne veka hadde fått oversikt og fakta i bordet, vart som sagt vedtak om stans fatta. Vedtak om stans i arbeidet vil verta ståande så lenge det er naudsynt og tiltaksplanen vert følgd i arbeidet på tomta. Kommunen har på linje med dei føresette og naboar svært høge forventningar til tiltakshavar i oppfølginga vidare. Arbeidet på tomta hittil har ikkje vore i tråd med godkjent tiltaksplan for forureina grunn.
Kommunen vil no i første omgang gjennomføra tre tiltak i barnehagen:
- Prøvetaking og analyser av desse så snart det er praktisk mogleg.
Etter prøvetaking idag:
- Utskifting av sand i sandkassar mandag
- Kosting/spyling i barnehagen idag fredag
Kommunen følgjer saka tett opp vidare, eventuelt kopla på andre instansar om naudsynt for bistand. Andre tiltak blir vurdert i høve barnehagedrifta og kan koma på kort varsel. Kjem det ny informasjon vil den bli formidla til naboar og til barnehagen. Eg vil trygga naboar, tilsette og føresette/barn i barnehagen på at kommunen tek denne saka på høgste alvor.