Herold

Varslar fint vêr, men…

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2026-04-24 16:06:00
Varslar fint vêr, men…

– Det er ei ganske fin helg i vente, men det vert også ganske kaldt. Det er venta vind frå nord i heile fylket, så det vert kaldare enn det har vore dei siste dagane, innleiar Mette Skjerdal.

Den vakthavande meteorologen varslar at det vil vera under ti grader heile helga, og at det kan koma noko nedbør tidleg laurdag. Vidare vert det stort sett opphaldsvêr, men generelt ganske kaldt.

– Søndag ventar vi mykje av det same vêret. Det kan koma ned i null grader på morgonen. seier Skjerdal.

Ho legg til at temperaturane ser ut til å stiga litt ved starten av neste veka, og at gradestokken kan passera 15 pluss. Det skal også vera opphaldsvêr, så meteorologen meiner at folk kan sjå fram til nokre fine dagar over helga.

Videoer i HF (Bruk nederst i artikler)

🏷️ Extracted Entities (2)

Mette Skjerdal (person) HF Bruk (organization)