Herold

Nytt opplegg for dei minste: Vil gi ungane den gode kjensla av jul

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-12-02 15:00:00
Nytt opplegg for dei minste: Vil gi ungane den gode kjensla av jul

Barnehageungar i Eigersund fÄr vera med pÄ eit heilt nytt opplegg i Är.

Fellesskap

Interesserte og engasjerte

I fjor blei dei tradisjonelle julegudstenestene for barnehageungane skifta ut med eit julespel i kyrkjene. Tanken var at ungane skulle fÄ oppleva juleevangeliet, ikkje bare hÞyra det bli fortald.

*I Ă„r er det gjort endĂ„ ein vri: Kyrkja samarbeider med Dalane folkemuseum og inviterer barnehageungane til SlettebĂž for ei komplett juleoppleving – med julespel i kyrkja, aktivitetar, julegraut og historier frĂ„ gamle dagar. Arrangementet har fĂ„tt tittelen «Jul sammen». *

Kristin Oremo, som er kyrkjelydsarbeidar i Egersund menighet, seier at nettopp det med Ă„ oppleva den gode stemninga er viktig.

– Me vil formidla den gode, gamle julekjensla, seier Oremo.

SjĂžlv har ho ei rolle i julespelet, pluss at ho har ansvar for stasjonen der ungane dryppar lys.

Siv Grethe BÞhn-Pettersen arbeider bÄde i kyrkja og museet. Til liks med Kristin Oremo har ho fleire roller i «Jul sammen». Som formidlar pÄ museet fortel ho ungane om korleis folk fekk lys i stovene og i fjosa sine i gamle dagar.

– BĂ„de kyrkja og museet blir oppfordra til Ă„ finna samarbeidspartnarar i lokalmiljĂžet. SĂ„ nĂ„ har me tatt denne oppfordringa pĂ„ alvor, seier ho.

Tittelen «Jul sammen» kan, om ein vil, spela pÄ samarbeidet mellom museet og kyrkja. Men fellesskapstanken er viktigast, understrekar Siv Grethe BÞhn-Pettersen.

– Det er ein fin ting Ă„ halda saman, gjera ting saman og ta vare pĂ„ kvarandre, seier ho.

Tysdag var ungane i SlettebÞ barnehage med pÄ opplegget.

– Veldig kjekt. Ungane er interesserte og engasjerte. Dei liker at det skjer noko litt annleis i kvardagen, kommenterer Tone Liland Kjeldsen.

Siv Grethe BÞhn-Pettersen fortel at arrangÞrane har fÄtt mange positive tilbakemeldingar frÄ barnehagane. Ho kan forsikra at det er gode moglegheiter for at opplegget blir ein fast tradisjon.

Desse bidrar i «Jul sammen»: