Herold

Elektrisk lastebil skal frakte sjømat frå Måløy

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-04-24 13:43:28
Elektrisk lastebil skal frakte sjømat frå Måløy

Electrified AS har signert avtale om å kjøpe Norges første elektriske Windrose-lastebil: – Dette er eit grønt transportkonsept for sjømat frå Måløy.

Fisk og sjømat frå Måløy blir no litt meir miljøvennleg, melder Electrified AS i ei pressemelding.

Selskapet har inngått avtale om å kjøpe det som blir Noregs første elektriske tunglastebil frå den kinesiske produsenten Windrose. Avtalen set i gang eit nytt, heilskapleg transportkonsept for utsleppfri transport av sjømat med utgangspunkt i Måløy. Kontrakten vart signert under transportmessa på Lillestrøm denne veka.

Selskapet er starta av etablerte aktørar innan sjømat, transport, logistikk og teknologi i regionen. Bak satsinga står mellom anna Ervik Group, Thor Tenden Transport, MCT Transport, Sætren og Allbil (Toyota Nordfjord/Førde).

Selskapa har gått saman for å utvikle eit elektrisk transportopplegg for sjømat, med ambisjon om å setje ny standard for berekraftig logistikk med utgangspunkt i Vestland fylke og Sogn og Fjordane.

– Dette er eit vendepunkt. Vi går frå plan til handling og viser at utsleppsfri tungtransport er mogleg i praksis. Dette handlar om klima, konkurransekraft og framtidas logistikk, seier styreleiar Robert Ervik i Ervik Group AS i pressemeldinga.

Tek minibussertifikat for å frakte cruiseturistar: – Her må alle bidra!

Første steg er å etablere Måløy fryseterminal som ein elektrisk «hub» for sjømattransport, med ladestasjon og tilrettelegging for tyngre elektriske køyretøy.

– Valet av Windrose viser at vi tør å tenkje nytt, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Tenden Transport og dagleg leiar Leif Magne Gil i MCT (Måløy Container Transport).

Begge driv i dag tradisjonell tungtransport, men har valt å møte framtidas krav til elektriske køyretøy gjennom samarbeidsselskapet Electrified AS. Dei forventar ein årleg reduksjon på CO2-utslepp på 50–60 tonn per køyretøy, og opptil 70 prosent lågare energibruk.

– Vi meiner Windrose representerer ein ny generasjon trekkvogner, bygt elektrisk frå botnen av, på same måte som Tesla gjorde i personbilmarknaden, seier dei.

Windrose er ein ny generasjon elektriske trekkvogner, med opptil 1.400 hestekrefter, og ei estimert rekkevidde i norsk drift på opptil 600 km. Batterikapasiteten er på 705 kWh.

Electrified arbeider også med eit parallelt konsept i Bergensområdet, og har opsjon på ein ekstra Windrose-lastebil så snart marknaden ligg til rette.

Windrose Norge AS er eit nystifta selskap med agentur for Windrose i Noreg, og Windrose Trucks er eit kinesisk oppstartsselskap (grunnlagt 2022) som utviklar elektriske langtransport-lastebilar.

Raudeberg kjempar vidare: Skule stenger, badeanlegg blir avvist – men bygdefolket nektar å knele

Audhild Viken vil ha ein del av cruisekaka i Måløy

Butikkane i Måløy jublar: – Viktig trafikk for oss

Kritiserte tryggleiken på Skulebas. No går han til sak mot fylkeskommunen

Takkar naudetatane etter brannen i Måløy

Brann øydela toppetasjar i Vengengården

🏷️ Extracted Entities (24)

Måløy (place) Windrose Norge AS (organization) Electrified AS (organization) Ervik Group AS (organization) Noreg (entity) Thor Tenden Transport (organization) Allbil Toyota Nordfjord/Førde (organization) Audhild Viken (person) Bergensområdet (entity) CO2 (entity) Leif Magne Gil (person) Lillestrøm (entity) MCT Måløy Container Transport (organization) MCT Transport (organization) Norge (entity) Robert Ervik (person) Rolf Olav Tenden (person) Skulebas (entity) Sogn (entity) Sætren (entity) Tesla (entity) Vengengården (entity) Vestland (place) Windrose Trucks (person)