Herold

Forvaringsdømd får ikkje sleppe ut etter 30 år – no skal Høgsterett behandle saka

Kilde: NRK Author: Synnøve Hole Published: 2026-04-24 17:15:12 Last updated: 2026-04-24 17:43:19
Forvaringsdømd får ikkje sleppe ut etter 30 år – no skal Høgsterett behandle saka

Mannen blei dømd for mishandling med døden til følgje i 2001, og framleis nektar dommarane å sleppe han fri. Men no vil Høgsterett sjå på saka.

Høgsterett slår fredag ettermiddag fast at mannen i 70-åra får saka si behandla i landets høgste rettsinstans, Noregs Høgsterett.

Mannen er tidlegare dømd for mishandling med døden til følgje i Ålesund, valdtekt, truslar og vald, og Borgarting lagmannsrett sa nyleg nei til å sette han fri på prøve.

– Når saka er påanka er det fordi vi meiner at andre bør sjå på den, seier Trygve Staff, som er mannen sin forsvarar til NRK.

Mannen har tidlegare budd i Møre og Romsdal i fleire år, men sonar no ein forvaringsdom i Ila fengsel og forvaringsanstalt.

Mannen skal vere blant dei som har sona lengst i forvaring.

Totalt rundt 400 er dømde til forvaringsdommar i Noreg dei siste åra.

Trygve Staff er forsvarar for mannen i 70-åra.

Sonar i Ila fengsel

Mannen har snart sitte halve livet sitt i fengsel.

Han kom til landet på 80-talet og er no norsk statsborgar.

I 2001 blei han dømd til fengsel i 12 år for mishandling med døden til følgje.

Ifølgje dommen gjekk han laus på naboen, Hilmar Fjørtoft i Ålesund, etter ein pengekrangel. Naboen blei liggande livstruande skadd i fleire timar før han døydde.

Mannen blei også dømd for valdtekt mot kona si og ulike overgrep mot borna hennar.

Fem år seinare blei han sett fri på prøve, og då slo han til på nytt.

Denne gongen blei han dømd for valdtekt, valdtektsforsøk og truslar.

Seinare er forvaringsdommen fornya fleire gonger.

Det var her i Latinskolegata mannen mishandla Hilmar Fjørtoft til døde.

Fryktar han kan forgripe seg på nytt

Mannen har store helsemessige utfordringar, og sit no i rullestol.

Likevel meiner påtalemakta at han er farleg og kan gjere nye seksuelle overgrep.

«Det vises her til hans uttalte fokus på unge damer, herunder unge kvinnelige betjenter, slik som anstalten har beskrevet», heiter det i dommen frå Borgarting lagmannsrett i mars.

Under rettssaka viste aktor til at mannen sjølv frå rullestol kunne klare å halde ein svakare person med venstre arm og bruke høgre arm til å forgripe seg.

Det blei også vist til at dei somatiske plagene hans vil føre til at han må følgjast opp heime, og at han då kan forgripe seg overfor kvinnelege helsearbeidarar.

Fleirtalet konkluderte difor med at han ikkje kan settast fri på prøve.

Det er dette Høgsterett no skal vurdere på nytt.

No skal Noregs Høgsterett vurdere om det er trygt å sette mannen i 70-åra fri på prøve.

Vil ikkje sette han fri

Kriminalomsorga har nyleg uttalt om sitt syn på om mannen skal lauslatast på prøve. Dei vender tommelen ned, i ei ny vurdering:

«På ovennevnte bakgrunn mener anstalten at det fortsatt er en nærliggende fare for at A på nytt vil begå alvorlig kriminalitet dersom han prøveløslates nå. Gjentakelsesfaren vurderes som reell og kvalifisert. Fortsatt forvaring i anstalt anses dermed som nødvendig for å verne andres liv, helse eller frihet».

Forsvarar Trygve Staff ser fram til behandlinga i Høgsterett.

– Det er anka av ein grunn, grunnen er at han kvalifiserer til prøvelauslating, seier Staff.

NRK har ikkje lykkast å få nokon kommentar frå aktor, statsadvokat Magne Nyborg.

🏷️ Extracted Entities (18)

Noregs Høgsterett (person) Dommar Møre og Romsdal 📁 (category) Fengsel og soningsforhold 📁 (category) Høyesterett 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Politi og kriminalitet 📁 (category) Rettssaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Trygve Staff (person) Borgarting (entity) Hilmar Fjørtoft (person) Ila (entity) Ålesund (place) Latinskolegata (entity) Magne Nyborg (person) Møre (entity) Noreg (entity) Romsdal (place)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Dommar Møre og Romsdal, Rettssaker i Møre og Romsdal, Høyesterett, Norge, Fengsel og soningsforhold, Politi og kriminalitet