Herold

Har spelt fire kampar på 14 dagar – slo serieleiaren 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-02 14:00:00
Har spelt fire kampar på 14 dagar – slo serieleiaren 

Trio sine volleyballdamer ligg no på ein 2. plass på tabellen.

Etter 14 travle dagar, med to kampar i veka, har 2. divisjonslaget til Trio klatra opp på ein 2. plass på tabellen. Tre fattige poeng bak serieleiar BSI, med éin kamp til gode.

Det har skjedd etter at dei har tatt tre sigrar, av fire mogleg, dei siste to vekene.

Det starta dårleg, då dei 22. november gjekk på sesongens første tap borte mot Ynglingen i Zinken Hopp Idrettshall. Sjølv om raudtrøyene tok dei to første setta, var det vertane som kunne jubla for siger etter å ha drege i land dei tre neste.

– Setta var prega av ein del personlege feil og mindre bra spel. Og det blei Trio sitt første tap for sesongen, skriv Øystein Lie Sundal i IL Trio volleyball.

Trass i nedturen slo damelaget kraftig tilbake då dei dagen etter møtte serieleiar BSI i Bergen.

Sjølv om det såg stygt ut med tap i dei to første setta, var det no Trio sin tur til å snu kampen. Dei heva seg veldig og stakk av med dei tre neste setta. Med 3–2-siger mot BSI, påførte dei serieleiaren deira første tap denne sesongen.

– Trio viste eit imponerande comeback og vilje til å vinna. I fjerde settet låg dei under 24–17 og vann settet 26–24.

Med det tok damelaget med seg ein god følelse inn til kampane 29. og 30. november.

Først ut var bortekamp på Sotra laurdagen.

– Her var Trio det beste laget og vann 3–0, skriv Sundal.

Siste kamp denne perioden var heime mot TIF Viking. Ein tett og jamn kamp der Trio til slutt vann 3–0.

– Det var ein spennande kamp der Trio med tidvis glitrande forsvarsspel trekte det lengste strået.

Komande søndag skal Trio til Øystese for å måla krefter mot Rossvoll.

Fakta:

Ynglingen 3–2 Trio (17–25, 20–25, 25–21, 25–17, 15–10)

BSI 2–3 Trio (25–21, 25–17, 21–25, 24–26, 9–15)

Sotra 0–3 Trio (23–25, 11–25, 20–25)

Trio 3–0 TIF Viking (25–20, 26–24, 26–24)