Herold

Trude Ramstad har fått ny jobb i Aurland

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-04-24 11:31:51
Trude Ramstad har fått ny jobb i Aurland

Brødrene Wangen ynskjer å styrkja leiinga, og har tilsett Trude Ramstad frå Kaupanger som ny viseadministrerande direktør.

Det går fram av ei pressemelding frå selskapet. Der skriv dei at Ramstad har eit tydeleg mandat: å vidareutvikla organisasjonen, styrkja bedriftskulturen og sikra god måloppnåing på tvers av verksemdene.

Ramstad vil som viseadministrerande direktør få eit overordna ansvar for organisasjonsutvikling, medarbeidarutvikling og operasjonell gjennomføring. Rolla skal bidra til å styrkja samhandlinga mellom dei ulike forretningsområda, og sikra at selskapet står godt rusta for vidare vekst og utvikling.

– Me er svært glade for å få Trude Ramstad med på laget. Ho har sterk kompetanse innan leiing, kulturbygging og utvikling av organisasjonar. Dette er ei nøkkelrolle for oss i arbeidet med å nå våre strategiske mål, seier administrerande direktør Håkon Solheim.

Ser fram til å bidra

– Eg ser fram til å bidra til vidare utvikling av ein organisasjon med sterke tradisjonar og store ambisjonar. Gode resultat blir skapte gjennom engasjerte medarbeidarar, tydeleg leiing og ein kultur som fremjar samarbeid og utvikling, seier den nye viseadministrerande direktøren, Trude Ramstad.

Brødrene Wangen er ein stor aktør innan reiseliv, servering og handel i Flåm, og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikla både opplevingar, tilbod og organisasjon.

Selskapet har røter attende til slutten av 1800-talet med handelsverksemd i Aurland, og er eigd av Siver Wangen, fjerde generasjon i familien. Dei driv med detaljhandel og overnatting i tillegg til eigarskap og forvaltning av ei rekkje eigedomar.

Brødrene Wangen eig også 50 % av merkevareselskapet Scandinavian Explorer.

🏷️ Extracted Entities (8)

Trude Ramstad (person) Aurland (place) Brødrene Wangen (person) Siver Wangen (person) Flåm (entity) Håkon Solheim (person) Kaupanger (entity) Scandinavian Explorer (person)