Herold

Kokain: La oss ta praten før nokon betalar prisen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Magni Gjuvsland Published: 2026-04-24 03:00:00
Kokain: La oss ta praten før nokon betalar prisen

Mange foreldre trur kanskje dette ikkje gjeld «vår ungdom», men realiteten er at kokain har blitt meir vanleg blant unge enn mange er klare over.

Kokain er eit sterkt rusmiddel som gir kortvarig rus, men som har høg risiko for å skapa avhengigheit. Det påverkar hjernen direkte og kan gi både psykiske og fysiske skadar også etter kort tids bruk. Vi snakkar om angst, depresjon, søvnproblem, hjarteproblem og i verste fall livstruande situasjonar.

Det som er ekstra bekymringsfullt er at bruken ikkje berre skjer i «miljø» lenger. Det finst blant heilt vanlege ungdommar og unge vaksne, ofte i alderen 16–25 år. Mange møter det første gong på fest, og terskelen for å prøva har blitt lågare.

Som foreldre er det viktig å vere merksame på teikn: – store humørsvingingar – lite søvn og mykje energi i periodar – endra venekrins eller hemmelegheitsfull åtferd – snufsing, neseblod eller hyppige turar på badet – pengar som forsvinn.

Dette betyr ikkje at ein skal mistenka alt og alle, men at ein må vera til stades, bry seg og tørra å spørja.

Det viktigaste vi kan gjera er å snakka med ungdommane våre. Ikkje berre om «nei til dop», men om kva det faktisk gjer med kroppen og livet deira. Mange unge undervurderer risikoen.

Vi treng meir openheit, meir kunnskap og meir engasjement frå oss vaksne. Dette er ikkje berre eit individuelt problem – det er eit samfunnsansvar.

La oss ta praten før nokon betalar prisen.