Herold

På liv og død i smalfloren

Plus
Kilde: Hordaland Author: Vidar Herre Published: 2026-04-24 06:02:50
På liv og død i smalfloren

Hordalappen ser litt molefonken ut der han ligg, men i live. Broren klarte seg ikkje, men to systrer har han fått. Mamma 70161 steller vel med dei som klarte seg saman med jordmor Nomi (8).

Foto på fredag: Vidar Herre

Vårens vakraste eventyr, vert det sagt – men ikkje for alle. For somme er livet over før det knapt har byrja.

I denne fyrste utgåva av Hordaland si nye fotospalte, der fotojournalist Vidar Herre dukkar ned i fotoarkivet, tek han oss med inn i varmen og dramatikken i smalfloren på Nedre Vinje. Her kjem livet tett på utan filter, anna enn ein syltynn plasthanske:

– Det var ekkelt og varmt, kviskrar åtte år gamle Nomi.

Ho har nett utført si fyrste livmorundersøking. Resultatet i smalastekken talar for seg sjølv: Eitt lam er dødfødd, medan tre andre kjempar seg til livet med hjelp frå små og store hender. Mamma 70161 steller vel med dei som klarte seg; ho sleikjer dei reine, medan Nomi turkar dei med høy.

Midt i dramaet får det nyfødde gutelammet eit namn som passar seg når han no skal i bladet for fyrste gong. Han vert kalla opp etter bladfyken og får tilnamnet Hordalappen. Han er kanskje litt molefonken akkurat no, men han er i live.

Freden har knapt senka seg i floren før ein ny lyd ljomar over tunet:

– Killingar på veg!

Livet lyt gå vidare – i vårens vakraste eventyr.

(Hordaland 29. april 2021)

Foto på fredag: Vidar Herre

På livet laust i smalfloren

Vossalam – eit PR-oppdrag

🏷️ Extracted Entities (5)

Nomi (entity) Vidar Herre (person) Hordalappen (entity) Nedre Vinje (person) PR (entity)