Herold

Mann i 30-åra meld etter tunell-kaos

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-24 07:46:46
Mann i 30-åra meld etter tunell-kaos

Ein mann i 30-åra vart meld av politiet etter at han gjekk i Stavenestunnelen på E16 onsdag ettermiddag.

– Det er ikkje lov å gå i tunellar. Ein patrulje var i nærleiken og fekk vedkomande ut av tunellen, seier politistasjonssjef Håvard Skattum.

Når folk går i tunellar, vert han stengd og det fører til køar og mykje trafikk langs vegen.

– Mannen vert meld for ordensforstyrring. Han kan rekna med å få ei straff av påtalemakta, seier Skattum.

Kart: Stavenestunnelen

🏷️ Extracted Entities (3)

Håvard Skattum (person) E16 (entity) Stavenestunnelen (entity)