Vart tipsa om openlyst narkosal på Vangen – mann pågripen
Plus
Ein mann i 50-åra er meld for sal av narkotika midt på Vangen.
Onsdag i 17-tida fekk politiet tips om at nokon skal ha sett sal av narkotika midt på Vangen.
– Me arresterte og ransaka ein person. Då vart det funne amfetamin på mannen, og han vert meld for dette, seier politistasjonssjef Håvard Skattum.
Politiet ransaka også bustaden til mannen, utan fleire funn.
Tidlegare kjend for politiet
No skal dei vurdera om dei klarar å bevisa at han har drive med sal.
Vedkomande vart også meld for liknande forhold førre veke.
– Dette fylgjer me opp. Me ynskjer også tips dersom nokon ser noko mistenkjeleg.
Ynskjer tips
Skattum seier dei ikkje kan reagera på alt, men at dei kan setja ting i samanheng og laga seg eit bilete av kva som skjer.
– Det er eit borgaransvar å seia ifrå til politiet, minner politistasjonssjefen om.
Dei veit ikkje kven mannen skal ha seld narkotika til.
Mann i 30-åra meld etter tunell-kaos