Herold

Her skal det jobbast gjennom heile sommaren

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Liv Standal Published: 2026-04-23 22:23:00
Her skal det jobbast gjennom heile sommaren

Det skal skje ganske mykje på innfartsvegen vår dei neste månadane.

Det har allereie vore lysregulert trafikkavvikling på riksveg 5 aust for sentrum ei god stund. Det er Ramsdal Maskin som er i sving, og dagleg leiar Endre Kalland opplyser at det handlar om trafikksikring.

Rundkøyringa skal byggast om

– Prosjektet går frå Bortheim Transport i Botnastranda, forbi rundkøyringa og ut til brua over Gaddevågen. Der blir montert 34 nye lysmaster med mykje betre belysning, rundkøyringa skal takast igjen for å få ned farten der, og fortauet langs Skudalsvegen skal sikrast. Nett no held vi på med grøfting for kablar til lys, og lysmastfundament, opplyser han.

Prosjektleiar Eirik Duesund i Statens Vegvesen utdjupar:

– Veglysa blir bytte ut med meir trafikksikre stolpar som er utforma for å redusere skade ved ei eventuell påkøyrsle.

Når det gjeld rundkøyringa blir sjølve øya i midten utvida for å auke avbøyinga på vegbana.

– Det skal redusere farten og gi tryggare trafikkavvikling. Her har vi planlagt oppstart om tre veker.

– Får det andre konsekvensar for trafikkavviklinga enn det vi har i dag med lysregulering?

– Det vil bli mindre endringar i trafikkavviklinga i anleggsperioden, avhengig av kva arbeid som blir utført til ei kvar tid. Når arbeidet med rundkøyringa pågår, vil det vere endra køyremønster i området. Arbeidsområdet vil bli flytta stegvis etter kvart som arbeidet går framover, og det blir lagt vekt på å planleggje gjennomføringa slik at ulempene for trafikantane blir minst mogleg, forklarar Duesund.

Ferdig til hausten

Når det gjeld fortauet vest for rundkøyringa skal betongrekkverket ved Hjortevika utbetrast, og det skal etablerast nytt rekkverk for gang- og sykkelveg på deler av strekninga.

– Denne sikringa skal tilfredsstille krav i gjeldande regelverk og skal betre trafikksikkerheita for mjuke trafikantar.

Alt dette blir gjennomført på bakgrunn av ein trafikksikkerheitsrevisjon som er gjort på strekninga. Den peika på fleire tiltak som kan bidra til å betre trafikksikkerheita.

– Nokre mindre tiltak er allereie gjennomførte, medan det som skjer no er del av ei vidare oppfølging.

Statens vegvesen har inngått kontrakt med Ramsdal Maskin AS, og verdien er om lag 6,4 millionar kroner, eksklusive merverdiavgift.

Arbeidet er planlagt ferdigstilt tidleg haust i år.

🏷️ Extracted Entities (9)

Prosjektleiar Eirik Duesund (person) Ramsdal Maskin AS (organization) Bortheim Transport (organization) Botnastranda (entity) Endre Kalland (person) Gaddevågen (entity) Hjortevika (entity) Skudalsvegen (entity) Statens Vegvesen (person)