Herold

Nytt lovforslag: Vil ha barn vekk frå sosiale medium

Plus
Kilde: Firda Author: Cecilie Brendehaug Rysjedal Published: 2026-04-24 05:10:03
Nytt lovforslag: Vil ha barn vekk frå sosiale medium

Ingen norske barn får tilgang på sosiale medium før det året dei fyller 16, viss regjeringa får støtte i Stortinget.

Det skriv VG fredag.

Det nye lovforslaget vil kome i løpet av året. I dag er aldersgrensa på sosiale medium 13 år.

– Det er eit faktum at algoritmar styrer oppveksten til ungar i dag. Vi veit at det har mange negative konsekvensar. Difor ønskjer vi ei aldersgrense, seier barne- og familieminister Lene Vågslid til avisa.

Regjeringa vil at Norge skal bli eitt av dei første landa i verda som set aldersgrense for sosiale medium. Australia var først ute med eit lovforslag. Sidan har fleire europeiske land følgt opp, og Frankrike og Hellas er dei som har kome lengst. Stadig fleire land vurderer det same: Storbritannia, Spania, Austerrike, Danmark, Sverige, Portugal.

Viss regjeringa får det som dei vil, blir aldersgrensa sett til 1. januar det året ein fyller 16 år. På den måten vil alle i ein skuleklasse få tilgang samstundes.

Smartembed for https://www.firda.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=89084

🏷️ Extracted Entities (11)

VG (entity) Austerrike (entity) Danmark (place) Frankrike (entity) Hellas (entity) Lene Vågslid (person) Norge (entity) Portugal (entity) Spania (entity) Stortinget (entity) Sverige (entity)