Herold

Regjeringa vil forby sosiale medium fram til året ein fyller 16

Plus
Kilde: Firdaposten Author: NTB Published: 2026-04-24 08:09:35
Regjeringa vil forby sosiale medium fram til året ein fyller 16

Innan året er omme, kjem lovforslaget mange har venta på: ei aldersgrense i sosiale medium.

– Dette har eg tenkt på sidan dag éin som statsminister, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Saman med barne- og familieminister Lene Vågslid og digitaliseringsminister Karianne Tung har han benkja seg rundt matbordet til Aksel og Marianne Faanes Persson og dei to barna deira, Eiril (12) og Birk (7).

Familien blir brukt som springbrett for å lansera det regjeringa har jobba med i lang tid, nemleg ei aldersgrense i sosiale medium.

– No kjem lova, seier Støre.

Lovforslaget blir lagt fram for Stortinget innan utgangen av året. Seier eit fleirtal av dei folkevalde ja, kan lova innførast utpå året neste år.

Fekk klar beskjed

Aldersgrensa i lova blir 1. januar det året ein fyller 16.

Det betyr at ungdom må venta til tiande klasse før dei kan boltra seg i sosiale medium som Instagram, Tiktok og Snapchat.

Formålet med lova er først og fremst å hindra at barn blir påverka av avhengnadsskapande algoritmar og manipulerande reklame, eller at dei blir «grooma» eller freista rekrutterte av kriminelle.

Ifølgje Støre er det urettferdig å venta at ein barnehjerne skal kunna stå imot ei utvikling som nokre av dei beste datahjernane i verda står bak.

Han peikar også på at regjeringa i høyringsrunden i fjor, der det kom meir enn 8000 svar, fekk klar beskjed frå norske foreldre:

– Dei forventar at vi politikarar tek grep.

– Tryggleik for barna og ungdommane våre er ei av dei viktigaste satsingane i planen for Noreg, legg han til.

– Viktig signal

Frå ekteparet Aksel og Marianne får han heilhjarta støtte.

– Dette er eit kjempebra første steg. Lova sender eit viktig signal, seier Aksel.

– For oss foreldre blir lova eit fint verktøy, som kan gjera det lettare å stå imot press, meiner Marianne.

Eiril, som fyller 13 til sommaren, er derimot litt meir tvilande. Ho hadde gledd seg til å få lov til å bruka plattformene.

– No må eg venta endå tre år. Det er litt irriterande, seier ho til NTB.

– Vår tids røykelov

– Dette blir vår tids røykelov, seier Vågslid, som har vore ansvarleg for sjølve utforminga av lova.

– Bruk av sosiale medium med evig skrolling og mangel på fysiske aktivitetar er også eit folkehelseproblem. Spørsmålet for oss har vore korleis vi kan sikra at unge som veks opp i dag, blir robuste i møte med det digitale samfunnet dei skal vera ein del av.

I det opphavlege lovforslaget gjekk regjeringa inn for ei aldersgrense på 15 år, basert på fødselsdato. Dette er no endra til det året ein fyller 16.

– Vi ville unngå at unge i same årskull blir forskjellsbehandla og haldne utanfor, forklarer Vågslid.

Mykje står att

Det blir tilbydarane av sosiale medium som får ansvaret for å sikra effektiv aldersverifisering.

– Barn og unge skal ikkje ha ansvaret åleine for å halda seg unna plattformer dei ikkje har lov til å bruka. Det ansvaret ligg hos selskapa som tilbyr tenestene, seier Tung.

Ein EU-utvikla app for alderskontroll på nettet er allereie klar til bruk, kunngjorde leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, nyleg.

Men nøyaktig korleis lova skal handhevast, er enno ikkje klart. Dette ligg nemleg inn under EUs digitale tenestedirektiv (DSA) og marknadsdirektiv (DMA), som regjeringa no jobbar på spreng med å få på plass.

Ei innlemming av dei to rettsaktene i EØS-avtalen vil likevel bety suverenitetsavståing til EU, ettersom det vil vera EU-kommisjonen som vil stå for handhevinga. Det gjer saka kinkig.

– Vi må finna ei tilpassa løysing som speglar EU-oppsettet, seier Tung til NTB.

Noreg i front

Ingen europeiske land har til no innført ei aldersgrense i sosiale medium.

Men regjeringa i Hellas foreslo nyleg eit forbod mot å bruka sosiale medium for barn under 15 år.

Austerrike har kunngjort at dei vil innføra ei aldersgrense på 14 år, medan senatet i Frankrike har vedteke ei lov om ein må vera 15 år for å kunna registrera seg på sosiale nettverk utan foreldresamtykke. Lova er no send på EU-høyring.

Australia vart det første landet i verda til å forby sosiale medium for barn under 16 år. Lova tredde i kraft i desember i fjor.

(©NTB)

Barn og smarttelefon: – Åttande klasse er i seinaste laget

Vil utsette smarttelefon til ungdomsskulen

Nye skjermråd: Barn under 12 år bør unngå internett utan tilsyn

Det kan være vanskelig å være foreldre til en tenåring. Marco Elsafadi har et godt råd for å lette hverdagen.

🔗 Related Articles (5)

View Graph
Kommer med nytt lovforslag om aldersgrense for barn sosiale medier
Moss Avis · 2026-04-24 07:16:26 +
DSA EU Europa Frankrike Lene Vågslid Ap Moss TikTok Arbeiderparti Danmark EØS Facebook Jonas Gahr Støre Ap Norge Portugal Snapchat Spania Stortinget Støre
Støre vil forby sosiale medier før videregående
NRK · 2026-04-24 04:59:31
Barn/unge DSA Fra NRKs teknologigruppe Personvern Sosiale medier Teknologi og data Lene Vågslid Ap Medietilsynet Tobias Judin Datatilsynet Digitaliseringsminister Karianne Tung Ap Holmenhaugen ICO Instagram Jonas Gahr Støre Ap Karianne Tung Oslo Snapchat Stortinget Støre Tek Norge Tekna TikTok Tilsynene Ofcom VPN Vemund Oulie Eskildsen YouTube
Vil forby sosiale medier for barn under 16 år
Aftenposten · 2026-04-24 05:03:24
EU Aksel Marianne Faanes Persson Karianne Tung Ap Lene Vågslid Ap Stortinget Støre Aftenpostens Birk DMA DSA Eiril Europa EØS Frankrike Hellas Instagram Jonas Gahr Støre Ap KI Leyen Snapchat Tiktok Ursula Vågslid
Aldersgrense i sosiale medier: – Vi er bekymret
ØP · 2026-04-24 05:11:07 +
EU Aksel Marianne Faanes Persson Støre Tobias Judin Tung Vågslid Birk DMA DSA Datatilsynet Discord Eiril EØS Frankrike Grindr Hellas Instagram Jonas Gahr Støre Ap Karianne Tung Ap Lene Vågslid Ap Leyen Mina Gerhardsen Norge Snapchat Stortinget Tiktok Ursula
– Dette blir vår tids røykelov
Dagsavisen · 2026-04-24 05:08:41 +
EU Aksel Marianne Faanes Persson Aldersgrense Barn og unge Innenriks Jonas Gahr Støre Nyheter Regjeringen Sosiale medier Støre Tung Vågslid Birk DMA DSA Eiril EØS Frankrike Hellas Instagram Jonas Gahr Støre Ap Karianne Tung Ap Lene Vågslid Ap Leyen Norge Snapchat Stortinget Tiktok Ursula

🏷️ Extracted Entities (22)

EU (entity) Aksel (entity) Karianne Tung (person) Lene Vågslid (person) Marianne Faanes Persson (person) Støre (entity) Birk (entity) DMA (entity) DSA (entity) Eiril (entity) EØS (entity) Frankrike (entity) Hellas (entity) Instagram (entity) Jonas Gahr Støre Ap (person) Leyen (entity) Marco Elsafadi (person) Noreg (entity) Snapchat (entity) Stortinget (entity) Tiktok (entity) Ursula (entity)